Holåtindan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°45′0.20160″N 7°53′0.15720″E

Midtre Holåtindan
fjell
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Skjåk (Oppland)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 047 moh.
Primærfaktor 220 m

Holåtindan er eit fjell i Skjåk kommune i Oppland. Den høgaste toppen er Midtre Holåtinden med ei høgd på 2047 meter over havet og som er det 154. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Austre Holåtindan er litt lågare, 2043 moh, og den 158. høgaste fjelltoppen i landet, medan Vestre Holåtindan har ei høgd på 2039 moh. Sistnemnde ligg på grensa til Luster kommune i Sogn og Fjordane og litt lenger sør ligg ein annan topp i same massivet på 1816 moh. Ein annan topp igjen ligg nord for Vestre Holåtindan med ei høgd på 1964 moh.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]