Holmedal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmedal stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Holmedal stavkyrkje
Tomta der stavkyrkja stod.
Foto: Roger Grimelid / Riksantikvaren

Holmedal stavkyrkje var ei stavkyrkje i Holmedal i Kvinnherad i Hardanger, som vart riven ein gong mellom 1722 og 1830. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ho er nemnt første gong i kjeldene i 1360. Siste gongen ho er nemnt er i 1722. I 1820 fekk soknet ny kyrkje, men kjeldene seier ikkje noko om det var stavkyrkja som stod heilt fram til då. Ho må iallfall vera riven ein gong mellom 1722 og 1830.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

I 1665 vart det nemnt at kyrkja hadde svalgang på sørsida. I 1722 vart det notert at ho ikkje hadde tårn, men svalgang på sørsida og framfor inngangen. Innendørs var ho utstyrt med "gammel Dags Maling".[1] Storleiken på skipet var 44 fot gonger 24 fot (14 m x 8 m) og koret 16 fot gonger 14 fot (5 m x 4 m).[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 479

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]