Holmegaard Glasværk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glasblåsarar på Holmegaard Glasværk i 2006.
Foto: Per Meistrup.
Holmegaard snapsglas frå 1970-talet.
Holmegaard "Platina" frå 2000.

Holmegaard Glasværk var eit dansk glasverk som var i drift frå 1825 til 2008, då det gjekk konkurs. Det låg på Fensmark i Næstved kommune sør på Sjælland. Designfirmaet Rosendahl AS har kjøpt retten til varemerket Holmegaard.

Initiativet til Holmegaard Glasværk vart tatt av lensgreve C. C. S. Danneskiold-Samsøe som ønskte å nytte torvressursane i Holmegaardens Mose (Holmegaardens myr) som energikjelde til framstilling av glas. Han søkte derfor Kongen om løyve til å starte produksjon i 1823. Lensgreven døydde det same året, like før han fylte 59 år, slik at det vart enka, Henriette Danneskiold-Samsøe, som stod for opprettinga av den første glashytta den 5. november 1825. Ved starten kom mange av arbeidarane frå Noreg. Dei brakte med seg kunnskapen om å lage flasker som var det viktigaste produktet i den første perioden.

I samband med verksemda vart det bygd arbeidarbustader, slik det var vanleg ved mange glasverk i Noreg.

I 1835 hadde glasverket fått tak i glasmeistrar frå Böhmen som kunne lage framstille serviseglas. Verket voks hurtig, og ved 20-årsjubileet i 1845 var det 80 medarbeidar ved verket. Torvuttaket kravde stor arbeidsinnsats, og 400 mann sytte for at verket fekk den torva det trong til å fyre omnane. Med familiane vart dette derfor eit stort samfunn i datidas Danmark.

I 1847 skipa ein Kastrup Glasværk som tok over flaskeproduksjonen. Denne avdelinga vart seinare seld.

Dei første hundre åra var innsatsen fokusert på å produsere flasker og bruksglas. Først tidleg på 1900-talet tok Holmegaard Glasværk til å framstille meir kunstnariske glasprodukt som verket er kjent for i dag. Kjente designarar på 1900-talet var Jacob E. Bang, Per Lütken og Michael Bang.

På 1960-talet fusjonerte verket med Katrup Glasværk og all produksjon vart samla på Fensmark.

I 1985 vart Holmegaard Glasværk A/S ein del av Royal Copenhagen A/S som seinare skifta namn til Royal Scandinavia. Dette var ingen suksess for Holmegaard. Firmaet vart utskilt i 2004 då ei gruppe investorar ville opprette eit opplevingssenter med glas som tema i bygningane. Holmegaard Entertainment opna portane i 2006, men det vart heller ingen suksess. Føretaket gjekk konkurs, og bygningane vart selde på auksjon i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]