Holmen stavkyrkje i Sigdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°2′59.73″N 9°38′19.9″E / 60.0499250°N 9.638861°E / 60.0499250; 9.638861

Holmen gamle kyrkje teikna av Kaja Stub i 1845
Her stod ein gong Holmen stavkyrkje. Ho vart riven etter at ny kyrkje var oppført 500 meter unna.
Foto: Jan-Tore Egge
Altartavle frå Holmen stavkyrkje, no på Norsk Folkemuseum
Foto: Anne Lise Reinsfelt

Holmen stavkyrkje (eller Sigdal stavkyrkje) var ei stavkyrkje i Sigdal kommune i Buskerud, like nord for prestegarden og om lag 500 meter frå den noverande kyrkja.

Det verker ikkje som ein veit kor gamal kyrkja var, og heller ikkje den opphavelege utsjånaden ser til å vere godt kjend. Kyrkja vart omfattande endra på 1600-talet. Einaste kjende illustrasjon er ei teikning utført av prestedottera, Kaja Stub, i 1845. Skildringar av stavkyrkja byggjer på ein kombinasjon av denne og skriftlege nedteikningar.[1] Ein trur at kyrkja hadde rektangulært skip og smalare kor, og dette koret har så vorte rive omkring midten av 1600-talet og erstatta med eit tømra kor. Det nye koret har etter teikninga å døme hatt samme høgd og breidd som skipet, som hadde vorte forlenga mot vest i 1628. Kyrkja vart utvida til krosskyrkje på 1700-talet. Ei skildring ført i pennen av sokneprest Jens Krogh Stub tyder på at dei forskjellige delane ikkje stod så godt til kvarandre reint arkitektonisk.

Av inventaret er altartavla overført til Norsk Folkemuseum, medan preikestolen og døypefonten er i bruk i dagens kyrkje. Tavla vart anskaffa til stavkyrkja i 1653, og ein trur at det er den same tavla som Christopher Bildsnider utførte noko arbeid på i 1672, og som vart måla i 1687. Tavla vart måla over i 1727. I 1695 fekk kyrkja preikestol og døypefont med himlingar. «Norges kirker» gjer ikke greie for skjebnen til desse inventarstykka, men ser ut til å meine — med støtte i Roar Hauglid[2] — at det som faktisk vart overført, blei laga av Thomas Blix[3] berre 25 år seinare.

Stavkyrkja kom etter kvart i dårleg stand, og ho byrja å sige. På 1840-talet vart det vedteke å oppføre ei ny kyrkje. Dette tok litt tid, men dagens kyrkje vart innvigd 9. november 1853 om lag 500 meter lengre vest, på den andre sida av prestegarden og nærare Prestfoss sentrum. Likevel var den gamle kyrkjegarden i bruk til 1890, og han vert framleis halden i hevd. Eit gjerde vart sett opp rundt det meste av den gamle kyrkjegarden i 1968, men det skal finnast enkelte gravminne utanfor det.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skildringa her byggjer på Norges kirker.
  2. Hauglid, Roar (1950). «Thomas Blix, en ikke-akademiker». Akantus. Mestrene i norsk treskurd II. Oslo: Riksantikvariatet / Mittet & Co. s. 69-82. 
  3. Sjå Norsk biografisk leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]