Holocaustdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den internasjonale Holocaustdagen, vedteken av FN, er 27. januar. Dette er til minne om den 27. januar i året 1945, da styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei om lag 7 000 attverande og overlevande fangane i Auschwitz i det tyskokkuperte Polen.

Auschwitz var den største av dei mange nazistiske tyske konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen. Det var eigentleg eit leir-kompleks, med tre hovudleirar pluss «utekommandoar». I Auschwitz vart mellom 1 og 1,5 millionar menneske drepne, dei fleste jødar, men òg sigøynarar, polakkar, russarar og andre.

Konsentrasjonsleiren Auschwitz har med si industrielt organiserte utrydding av menneske vorte eit symbol på den nazistiske folkemordspolitikken mot det dei såg som mindreverdige menneskerasar.

Yom HaShoah er ein jødisk minnedag som blir halden den 27. nisán.

Midt i januar 1945 nærma sovjetiske styrkar seg Auschwitz. Da byrja SS å evakuere leiren. Mesta 60 000 fangar vart tvinga til å marsjere vestover. Mange tusen hadde vorte drepne i leiren i dagane før dødsmarsjane byrja. Mange døydde òg under desse marsjane, av utmatting, kulde, svolt eller dei vart skotne om dei ikkje kunne halde fram eller gjekk for seint. Meir enn 15 000 skal ha døydd under desse dødsmarsjane frå Auschwitz.

Den 27. januar kom da endeleg sovjetiske styrkar fram til leiren og sette fri dei om lag 7 000 fangane som var att der. Mange av dei var sjuke og somme døyande, men dei fleste vart berga. Det var òg nokre overlevande barn der. Dei skulle brukast til medisinske eksperiment.