Holokrin kjertel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Holokrine kjertlar (lat. glandulae holocrinae, eintal glandula holocrina) er eksokrine kjertlar som gjer bruk av holokrin sekresjon (secretio holocrina).

Den holokrine sekresjonsmekanismen inneber at membranen rundt kjertelcella brest, slik at celleinnhaldet (sekretet) tyt ut i kjertellumenet og cella døyr. Holokrin sekresjon er den typen eksokrin sekresjon som gjer størst skade på kjertelcellene. Til samanlikning er merokrin sekresjon den minst skadelege (ikkje noko celletap), medan apokrin sekresjon ligg ein stad midt i mellom.

Eksempel på holokrine kjertlar er talgkjertlane i huda og meibomske kjertlar i augeloka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]