Hone Tuwhare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hone Tuwhare

Nasjonalitet New Zealand New Zealand
Statsborgarskap New Zealand
Fødd 21. oktober 1922
Kaikohe
Død

16. januar 2008 (85 år)
Dunedin

Yrke Forfattar
Ektefelle Jean Agnes McCormack
Debut 1964
Hone Tuwhare på Commons

Hone Peneamine Anatipa Te Pona Tūwhare (21. oktober 192216. januar 2008) var ein kjend maorisk newzealandsk poet. Han er sterkt knytt til The Catlins i regionen SouthlandNew Zealand, der han budde den seinare delen av livet sitt.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Hone Tuwhare vart fødd i området Kokewai ved Kaikohe, i regionen Northland, i iwien Ngapuhi. Etter at mora døydde, flytta familien til Auckland, der Hone gjekk i grunnskulen i Avondale, Mangere og Ponsonby. Han gjekk i lære som dampkjeleflikkar hjå New Zealand Railways og fekk kveldsundervising i matematikk og forretningsfag ved Seddon Memorial Technical College (1939–41) og Otahuhu College (1941).[1] Tuwhare tala maori fram til 9-årsalderen, og far hans, som var var ein dyktig talar og sogeforteljar, stimulerte sonen sine interesser i skrivne og tala ord, særleg i rytmane og biletgjeringane i det gamle testamentet.[2]

Poetisk karriære[endre | endre wikiteksten]

I 1939 byrja Tuwhare å skriva, oppmuntra av venen, poeten R.A.K. Mason, medan han var i arbeid som lærling i Otahuhu Railway Workshops.

I 1956 starta Tuwhare for alvor med skrivinga etter at han hadde trekt seg ut av ei lokal grein av Kommunistpartiet. Det første, og tvillaust det best kjende arbeidet hans, No Ordinary Sun, vart utgjeve i 1964. Dette fekk god omtale, og vart seinare trykt opp att ti gonger gjennom dei 30 neste åra, og er ei av dei mest lesne poesisamlingane i newzealandsk historie.

Då Tuwhare sine dikt først kom ut sist på 1950- og tidleg på 1960-talet, vart dei sett på som ein ny retning i newzealandsk poesi, som skar gjennom debattane og motsetnadane mellom 1930- og etterkrigsgenerasjonane. Mykje av originaliteten til verka var eit resultat av den tydelege maoriske påverknaden. Dikta var prega av den tonale varieteten i dei, den naturlege måten dei kunne røra seg mellom formelle og uformelle register, mellom humor og patos, intimitet og kontrollert sinne og, spesielt, på den likeframme måten dei vende seg til newzealandske lesarar.

Gjennom 1970-åra vart Tuwhare involvert i maoriske kulturelle og politiske spørsmål, og på den samme tida vart han også vidare kjend internasjonalt, og han vart invitert til m.a. Kina og Tyskland. Dette, saman med annan påverknad, førte fram til utgjevinga av Was wirklicher ist als Sterben i 1985.

Medan dei tidlegare dikta hans vart trykte opp att i nye utgåver, gav han stadig ut nye verk. Tuwhare sitt teaterstykke, In the Wilderness Without a Hat, vart utgjeve i 1991. Deretter følgde tre diktsamlingar: Short Back and Sideways: Poems & Prose (1992), Deep River Talk (1993) og Shape-Shifter (1997). I 1999 vart han utnemnd til den andre Poet Laureate på New Zealand, dette resulterte i utgjevinga av Piggy-Back Moon i 2002, som året etter vart nominert i Ockham New Zealand Book Awards.

Poeten flytta til Kaka Point i South Otago i 1992,[3] og mange av dei seinare dikta hans reflekterte såvel landskapa i The Catlins-området, som sjømaten ein kunne finna her. Han hadde eit sterkt arbeidsfellesskap med biletkunstnaren Ralph Hotere i Otago, og arbeida deira viste ofte til kvarandre.[4]

Tuwhare sitt dikt Rain vart i 2007 med stor majoritet røysta fram som det mest det mest populære diktet på New Zealand.[5][6]

Heider og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Rain
I can hear you
making small holes
in the silence
rain

If I were deaf
the pores of my skin
would open to you
and shut

Hone Tuwhare
Innleiinga til diktet Rain

Hone Tuwhare vart heidra med Robert Burns Fellowship-prisen frå the University of Otago i 1969 i og på nytt i 1974. Han vart påskjøna med the University of Auckland Literary Fellowship i 1991.

Tuwhare vart lista opp mellom dei ti mest framståande aktive newzealandske kunstnarane (Icon Artists) som skipinga Arts Foundation of New Zealand utnemnde ved ein seremoni i 2003.

I 2003 vart Tuwhare påskjøna med ein pris frå statsministeren (Prime Minister's Awards for Literary Achievement), for poesi. Dei andre vinnarne var romanforfattaren Janet Frame og historikaren Michael King, som kvar fekk ein pris på 60 000 newzealandske dollar. Prisane er retta mot newzealandske forfattarar som har gjeve eit eineståande bidrag til nasjonen sin litterære og kulturelle historie.

Hone Tuwhare vart utnemnd til eit æresdoktorat i litteratur ved The University of Auckland i 2005. Då han døydde, vart han omtala som «Den mest framståande newzealandske maoridiktaren».[7]

Hone Tuwhare Charitable Trust[endre | endre wikiteksten]

I juli 2010 vart The Hone Tuwhare Charitable Trust oppretta til ære for Hone Tuwhare. Føremålet er: «Å gje inspirasjon til folk gjennom å ta vare på, fremja og verdsetja arven etter Hone Tuware».[8]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Minneplakett over Hone Tuwhare i Dunedin, på the Writers' Walk på the Octagon
  • No Ordinary Sun, Auckland, Blackwood and Janet Paul, 1964
  • Come Rain Hail, Dunedin, University of Otago, 1970
  • Sapwood and Milk, Dunedin, Caveman Press, 1972
  • Something Nothing, Dunedin, Caveman Press, 1973
  • Making a Fist of It, Dunedin, Jackstraw Press, 1978
  • Selected Poems, Dunedin, McIndoe, 1980
  • Year of the Dog. Dunedin, McIndoe, 1982
  • Was wirklicher ist als Sterben, Straelen, Straelener-Ms.-Verl, 1985
  • Mihi: Collected Poems, Auckland, Penguin, 1987
  • Short Back & Sideways, Auckland, Godwit, 1992
  • Deep River Talk: Collected Poems, Honolulu, University of Hawaii Press, 1994
  • Shape-Shifter, Wellington, Steele Roberts, 1997
  • Piggy-back Moon, Auckland, Godwit, 2001
  • Oooooo......!!!, Wellington, Steele Roberts, 2005
  • Friend , Whangarei, Noah

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Janet Hunt, Hone Tuwhare: A Biography, Godwit, Auckland, 1998, s. 37.
  2. "Hone Tuwhare." Contemporary Poets, 7. utg. St. James Press, 2001
  3. "Larger-than-life poet dies.", Otago Daily Times, 17. januar 2008
  4. Tuwhare, H. (1970) Hotere, i Come Rain Hail, Dunedin: Caveman Press.
  5. «Biography of Hone Tuwhare». NZ On Screen. Henta 21. januar 2021. 
  6. Innleiing ved Iain Sharp (2007). Our Favourite Poems New Zealanders choose their best-loved poems. Craig Potton. ISBN 9781877333682. 
  7. (January-16-2008). "Maori poet Hone Tuwhare dies", New Zealand Waikato Times
  8. Hone Tuwhare Charitable Trust website

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]