Horten Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over nordre del av Horten med Sælavika og Horten verft like nord for Karljohansvern. Østfold kan skimtast bakarst, på den andre sida av Oslofjorden. Foto frå 1958.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling

Horten Verft A/S (på folkemunne kjend som Verven) var eit verft i Horten kommune i Vestfold. Skipsverftet vart opphavleg anlagt i 1820, først som orlogsstasjon, frå 1850 som hovudverftet til marinen. I 1854 fekk det namnet Karljohansvern verft.

I 1968 overtok staten og gjorde om Karljhansvern til eit statseigd aksjeselskap under namnet Horten verft.[1] Selskapet gjekk konkurs i 1987 og aktiviteten opphøyrde då. Verftområdet har sidan vorte omgjort til næringspark, og heiter i dag Horten Industripark as (HIP).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Horten Verft industrimuseum.no, besøkt 18. juni 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Horten Verft