Hotel Dusk: Room 215

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hotel Dusk: Room 215
Utviklar(ar)Cing
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingNA: 22. januar 2007
JP: 25. januar 2007
EU: 13. april 2007
SjangerEventyr
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/ds/awij/
Last Window: The Secret of Cape West→

Hotel Dusk: Room 215 er eit eventyrspel utvikla av Cing og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det vart annonsert 5. oktober 2005 under tittelen Wish Room[1] og vist fram for første gong 9. mai 2006 under E3-messa det året.[2] Spelet vart utgjeve i Nord-Amerika og Japan januar 2007 og i Europa april same året.

Hotel Dusk går føre seg i året 1979 og følgjer den tidlegare New York-detektiven Kyle Hyde, som arbeider som seljar for eit føretak. Han sjekkar inn på eit hotell medan han leiter etter ein bortkomen medarbeidar, og blir tildelt rom 215, som det er sagt kan oppfylle ønske dersom ein søv der.[3][4]

Ein oppfølgjar, Last Window: The Secret of Cape West, vart utgjeven i 2010 til Nintendo DS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nintendo Announces New DS Games». IGN. 5. oktober 2005. Henta 8. mars 2020. 
  2. «Release deluge promised for DS». Eurogamer. 9. mai 2006. Henta 8. mars 2020. 
  3. «Sjekk inn på Hotel Dusk til våren». Gamer.no. 21. februar 2007. Henta 8. mars 2020. 
  4. «Hotel Dusk: Room 215». Eurogamer. 26. februar 2007. Henta 8. mars 2020.