Hóv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hov på dyr)
Tverrsnitt av hóv

Ein hóv er den nedste delen av på foten til eit upartåa hovdyr, til dømes hest. Hos hesten er alle tær utanom tåa i midten vekkdanna, så sjølve hóven hos hesten tilsvarar langfingerneglen hos oss menneske.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Ordet hóv vert nytta både om det harde skjoldet av keratin kring nedste tåleddet, og om heile nedste del av foten med dei indre delane: hovbeinet, hovleddet, hovsenebeinet, nedste ende av kronbeinet, nedste delen av draktbruskene og blautvevet som ligg omkring. Den ytste delen av hovkapselen veks heile tida og erstattar det som vert slite bort.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Hóven vernar mot skade, fukt og uttørring av foten. Han har støytdempande eigenskapar og spelar ei rolle i blodomlaupet til dyret.

Stell[endre | endre wikiteksten]

Hos tamhest treng hóven dagleg stell og ettersyn. Dei fleste hestar som er i arbeid går med hestesko, medan dei fleste unghestar går berrføtte. Nokre hesteeigarar vel også å la hestar som blir ridd på utan sko. Uansett om hóven er skodd eller ikkje, må hóven verkast med jamne mellomrom. Dette gjerast vanlegvis med 6-8 vekers mellomrom. Om hesten går med sko vert verkinga vanlegvis gjort av hovslagar.

Sjukdomar[endre | endre wikiteksten]

Mange vanlege hestesjukdomar går på hovane, mellom anna fang eller laminitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]