Hopp til innhald

Hovdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovdyr
Sebra
Sebra
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Hovdyr Perissodactyla
Owen, 1848

Hovdyr, hóvdyr eller upartåa hóvdyr (Perissodactyla) er ei gruppe pattedyr som er kjenneteikna ved at dei har eit oddetal tær (ein eller tre). Kvar tå sluttar i ein kort, brei nagl, ein hóv. Hóvar er laga av keratin, det same som negler og klør.

Artane varierer mykje i utsjånad. Zoologen Richard Owen oppdaga på 1800-talet at desse dyra er nærskylde. Sjølv om dei ulike artane har store skilnadar i utsjånad, finst det likskap i føtene og tennene.

Alle hóvdyr stammar frå artar med fem tær. Reduksjonen i talet på tær og evolusjonen av hóvar skjedde fleire gongar uavhengig. Hóvdyra (tapirar, nashorn og hestar) har ei eller tre tær, og utgjer ei naturleg gruppe. Dei næraste slektningane deira er ikkje klauvdyra, slik ein lenge trudde, men truleg skjeldyr og rovpattedyr. Hóvdyr (i tydinga hóv- og klauvdyr) er difor inga systematisk gruppe, sjølv om gruppa hadde fått det vitskaplege namnet Ungulata i eldre systematikk. Nemninga ungulate vert brukt ein del på engelsk, men ikkje på norsk. Klauvdyra sjølv ser òg ut til å vera ei kunstig gruppe, sidan kvalane ser ut til å vera ein del av denne gruppa.

Hjå dei upartåa er det den midterste tåa, opphavleg den tredje tåa, som er framtredande og ber det meste av vekta til dyret.

Av og til har òg elefantane vorte rekna til hóvdyra, men desse er ikkje spesielt nærskyldt med korkje partåa eller upartåa hóvdyr.

  1. Mammal Species of the World, 3. utg. (MSW3) Arkivert 2011-12-20 ved Wayback Machine. Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]