Hovudavtalen LO-NHO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovudavtalen LO-NHO er ein hovudavtale mellom LO og NHO som omhandlar grunnprinsippa for forholdet mellom partane i det norske arbeidslivet, som reglar om organisasjonsrett, fredsplikt, forhandlingar og konfliktar.

Den første hovudavtalen vart inngått i mars 1935. Avtalen kom som ei følgje av omfattande arbeidslivskonfliktar i 1920-åra. Den innførte mellom anna reglar om fredsplikt i tariffperiodar, og gav samstundes ei samordning av retningsliner frå ulike tariffavtalar. Avtalen har vorte reforhandla mange gonger, vanlegvis for fire år om gongen.

Hovudavtalen regulerer ikkje forhold som løn, arbeidstid o.l., som vert fastsett gjennom tariffavtalar og lokale lønsforhandlingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«hovedavtale» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]