Hovudperson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don Quijote er hovudpersonen i romanen av same namn. Bilde av Samvel Sevada.

Hovudperson eller protagonist er den sentrale personen i eit litterært verk som ei bok eller ein film, som handlinga i verket utspelar seg rundt. Ordet «protagonist» kjem frå gresks proto, ‘tidleg’ og agonistes, ‘tevlar, kjempe’, og viste opphavleg til den fyrste rollefiguren som kom inn på scenen.

Hovudpersonar i moderne populærkultur er vanlegvis drivne av ein god vilje og er heltar i forteljinga. Hovudpersonen er den personen som har ein antagonist, om det finst ein slik, som motstandar. Handlinga blir drive often framover av at hovudpersonen støyter på hinder av ulike slag, og antagonisten kan vera eit av dei. Det er hjå hovudpersonen at størstedelen av sympatien og identifikasjonen til lesaren eller tilskodaren er meint å liggja. Det er òg vanleg at hovudpersonen er den rollefiguren som blir utvikla mest i løpet av forteljinga, til dømes ved å gå frå gjerrig til gåvmild som Ebenezer Scrooge.

Eit verk kan ha fleire hovudpersonar. I Margaret Mitchell si bok Tatt av vinden er til dømes både Scarlett O'Hara og Rhett Butler hovudpersonar.

Etter protagonisten fanst det opphavleg ein deuteragonist og ein tritagonist. Desse var den nest viktigaste og den tredje viktigaste rolla i eit skodespel. Antagonisten blei då spelt av tritagonisten, og deuteragonisten var den allierte eller elska til protagonisten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]