Eit juleeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit juleeventyr
A Christmas Carol
Charles Dickens-A Christmas Carol-Title page-First edition 1843.jpg
Forfattar(ar)Charles Dickens
Språkbritisk-engelsk, engelsk
Sjangerjulefortelling
Utgjeven19. desember 1843
ForlagChapman and Hall London
IllustratørJohn Leech

Eit juleeventyr (engelsk originaltittel A Christmas Carol. In Prose. Being a Ghost Story of Christmas.) er ei juleforteljing av Charles Dickens frå 1843.[1][2] Ho er ein kortroman som kom ut i bokform den 19. desember 1843 på Chapman & Hall forlag. Boka skildrar omvendinga til den gamle gniaren Ebenezer Scrooge, som i løpet av ei jul der han møter fleire ander går frå å vera ein bitter, sjølvisk julehatar til å bli gåvmild og gleda seg over høgtida. Eit juleeventyr blei raskt særs populært i den samtidige viktoriatida, med si store interesse for moralske fablar og gamle og nye juleskikkar. Ho har vore kontinuerleg i trykk sidan ho blei gjeven ut, er omsett til ei rekkje språk, og er blitt dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den svinnande anden av jula no og dei moglege borna hans, Naud og Vankunne.

Eit juleeventyr handlar om den kalde og sjølvopptekne forretningsmannen Ebenezer Scrooge, som berre tenkjer på å tena pengar og misliker julefeiringa fordi ho forstyrrar arbeidet hans. Han avviser nevøen sine juleønskingar med eit «bah, humbug», nektar å gje pengar til eit godt føremål så lenge det finst fengsel og fattighus, og gjev svært uvillig den hardt pressa skrivaren sin fri på juledagen.

julekvelden blir han vitja av til skrømtet til den avdøde kompanjongen sin, Marley, som åtvarar han om at dei materielle godene han tek til seg i dette livet blir til lenkjer etter dauden. Marley fortel Scrooge at han vil bli vitja av tre ander, og ber han lytta til dei for si eiga skuld.

Om natta blir Scrooge vitja av anden til juler som har vore, som viser han juleopplevingane hans som barn og ungdom; anden av jula no, som viser han julefeiringa til folk han kjenner, og anden av juler som skal koma, som viser han korleis han kjem til å døy, einsam og usakna, dersom han held fram med det gjerrige leveviset sitt.

He had no further intercourse with Spirits, but lived upon the Total Abstinence Principle, ever afterwards; and it was always said of him, that he knew how to keep Christmas well, if any man alive possessed the knowledge. May that be truly said of us, and all of us! And so, as Tiny Tim observed, God bless us, everyone!

Sluttorda
Illustrasjon av Bob Cratchit og Tiny Tim frå ca. 1870

Scrooge vaknar som ein omvend mann. Han sender ein stor kalkun til den fattige skrivaren sin, Bob Cratchit, for å hjelpa familien og redda den vesle, sjukelege sonen deira, «Tiny Tim». Han gjev ein stor sum til innsamlaren han hadde avvist dagen før. Til slutt vitjar Scrooge nevøen sin som hadde invitert han til julefest, og blir etter dette ein gåvmild mann som feirar jul kvart år.

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Dickens sine manuskriptsider i Gregg-stenografi.

Charles Dickens var frå ein mellomklassefamilie som fekk økonomiske vanskar. I 1824 blei far hans, John Dickens, sett i gjeldsfengsel i Marshalsea i Southwark i London. Den 12 år gamle Charles blei nøydd til å pantsetja boksamlinga si, avbryta skulegangen og ta arbeid i ein skokremfabrikk. Endringa i levekåra hans og erfaringane frå denne tida var grunnleggjande for forfattarskapen til Dickens.[3]

Julefeiring hadde auka i popularitet i viktoriatida.[4] Juletreet var blitt popularisert av dronning Victoria og prins Albert, og blei sett opp i stadig fleire heimar i heile landet.[5] Tidleg på 1800-talet hadde også interessa auka for julesongar, etter st desse hadde gått tilbake i det siste hundreåret. Davies Gilbert sitt verk Some Ancient Christmas Carols, With the Tunes to Which They Were Formerly Sung in the West of England frå 1823 William Sandys sitt Christmas Carols, Ancient and Modern frå 1833 gjorde songane meir utbreidde att i Storbritannia.[6]

Dickens hadde sjølv ei interesse for jul. Den fyrste forteljinga hans om høgtida var «Christmas Festivities», som kom ut i Bell's Weekly Messenger i 1835, og seinare som «A Christmas Dinner» i Sketches by Boz (1836).[7] «The Story of the Goblins Who Stole a Sexton», ei anna juleforteljing, var med i boka hans The Pickwick Papers frå 1836. I denne episoden fortel ein Mr Wardle ei soge om Gabriel Grub, ein einsam og slem kyrkjetenar som går gjennom ei juleforvandling etter å ha blitt vitja av goblinar (ein type vette) som viser han fortida og framtida hans.[8] Slater meiner at hvoudelementa i Carol er til stades i denne forteljinga, men utan å ha fått fast form.[9] Etter soga følgjer ein omtale av jula i ein leiar av Dickens, Master Humphrey's Clock.[9] Professoren i engelsk litteratur Paul Davis skriv at sjøl om goblinssoga verker som ein prototyp for A Christmas Carol, påverka alle Dickens sine tidlegare verk om jula den seinare juleforteljinga.[10]

Dickens byrja skriva forteljinga i oktober 1843,[11] og fullførte henne i løpet av seks veker, med dei siste sidene skrivne først i desember.[12] Mykje av verket forfatta han i hovudet medan han gjekk lange natteturar rundtom London.[13]

Han var sjølv sterkt involvert i utforminga av boka, som kom ut i 6 000 eksemplar i første opplag. Bøkene kosta 5 shilling, og blei raskt selde ut. Dickens tente likevel ikkje så mykje han hadde ønska på salet, på grunn av høge produksjonskostnader. Dickens hadde også problem med piratpublisering av boka.

Verket er blitt omsett til fleire språk, mellom anna dansk og norsk, som Et julekvad, En julesang i prosa og En julefortelling. Det er også sett opp som skodespel og filmar.

Dramatiseringar og inspirasjonar[endre | endre wikiteksten]

Skodespelaren Gerald Charles Dickens (tippoldesonen til Charles Dickens) som Scrooge i 2010.

Allereie i februar 1844 hadde ein sett opp juleforteljinga som teaterstykke fleire stader. Ei av dramatiseringane, av Edward Stirling, var godkjend av Dickens. Denne blei sett opp i London og New York. Den eldste kjende filmatiseringa er stumfilmen Scrooge; or Marley's Ghost frå 1901. Andre forfattarar skreiv svarforteljingar til Eit juleeventyr, som W.M. Swepstone med Christmas Shadows i 1850), Horatio Alger med Job Warner's Christmas i 1863 og Louisa May Alcott med A Christmas Dream, and How It Came True i 1882. Dickens sjølv skreiv mange fleire juleforteljingar over same lesten, som The Chimes, The Cricket on the Hearth, The Battle of Life og The Haunted Man and the Ghost's Bargain. Desse utgjevingane selde godt, men hadde liten kritisk suksess. Frå 1853 byrja Dickens i staden med offentleg høgtlesing av juleeventyret, som fortsette fram til 1870, året han døydde.

Ebenezer Scrooge har gjeve namn og fleire karaktertrekk til Scrooge McDuck, eller onkel Skrue, i Donald Duck-forteljingane frå Disney.

Julehelsinga «Merry Christmas» var allereie kjend, men Dickens sin bruk av henne i A Christmas Carol gjorde henne utbreidd i samtida.[14] Scrooge sitt utrop «Bah! Humbug!» blei også utbreidd på engelsk som eit svar på noko som var sentimentalt eller overdrive festleg.[15] Namnet «Scrooge» blei brukt som nemning for ein gniar, og blei lagt til Oxford English Dictionary med denne tydinga i 1982.[16]

Omsetjingar og norske dramatiseringar[endre | endre wikiteksten]

  • Et Juleqvad i Prosa, eller en Spögelshistorie om Julen (1852), dansk omsetjing av L. Moltke
  • En julesang paa prosa (1887)
  • En julesang i prosa i Julesangen (1934), omsett av Henrik Rytter
  • Et juleæventyr (1917)
  • Et julekvad (1990), omsett av Torstein Bugge Høverstad[17]
  • En julefortelling: et musikkspill etter Charles Dickens fortelling (ca. 1990)
  • Eit juleeventyr (2000), Sogn og Fjordane teater[18]
  • En julefortelling (2001), omsett av Espen Hagerup[19]
  • Juleeventyret (2004), teaterstykke av Torgeir Leivdal ved Sogn og Fjordane teater
  • Et juleeventyr (2007), teaterstykke av I.B. Maločevskaja og Kjersti Haugen ved Trøndelag teater.[20]
  • Et juleeventyr (2010), teaterstykke regissert av Ivar Tindberg sett opp ved Hålogaland teater.[21]

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Scrooge frå 1935, regissert av Henry Edwards.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Dickens Project». University of California, Santa Cruz. Henta 25. desember 2013. 
  2. Tomalin 2011.
  3. Ackroyd 1990, s. 67–68; Slater 2011.
  4. Callow 2009, s. 27.
  5. Lalumia 2001; Sutherland, British Library.
  6. Rowell 1993; Studwell & Jones 1998, s. 8, 10; Callow 2009, s. 128.
  7. Callow 2009, s. 30.
  8. Kelly 2003, s. 19–20; Slater 2003, s. xvi.
  9. 9,0 9,1 Slater 2003, s. xvi.
  10. Davis 1990a, s. 25.
  11. Rowell 1993.
  12. Douglas-Fairhurst 2006, s. xix; Slater 2011.
  13. Tomalin 2011, s. 148–149.
  14. Cochrane 1996, s. 126; Martin 2011.
  15. Standiford 2008, s. 183.
  16. Scrooge, n. OED.
  17. «Et julekvad», bokkilden.no
  18. «Juleteater i Førde» Arkivert 2014-01-04 ved Wayback Machine., Kulturnett Sogn og Fjordane (05.12.2000)
  19. «En julefortelling», bokelskere.no
  20. «Magisk og poetisk». Melding av Amund Grimstad i Klassekampen (23. november 2007)
  21. «En eventyrlig julesuksess». Melding av Marte Hotvedt i Nordlys (11.11.2010).


Bøker
Aviser og tidsskrift
Nettstader

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Eit juleeventyr ved Wikisource.