Hopp til innhald

Hradec Králové

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hradec Králové
kommune
Elva Elbe i Hradec Králové
Flagg
Våpenskjold
Land  Tsjekkia
Kraj Hradec Králové
Okres Hradec Králové
Koordinatar 50°12′N 15°15′E / 50.200°N 15.250°E / 50.200; 15.250
Areal SO 677,45[1] km²
Folketal SO 146 003 (2021[2])
 •  by 92 649
 •  kommune 92 649
Kart
Hradec Králové
50°12′33″N 15°49′55″E / 50.209166666667°N 15.831944444444°E / 50.209166666667; 15.831944444444
Wikimedia Commons: Hradec Králové
Nettstad: www.hradeckralove.org

Hradec Králové[a] er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Hradec Králové okres i regionen Hradec Králové kraj i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Labe (Elbe).

Økonomien i byen er basert på næringsmiddelindustri, fotokjemi og elektronikkindustriar. I tillegg vert det produsert musikkinstrument i byen, mest kjend er pianomerket PETROF. Byen har eit universitet, og Karlsuniversitet i Praha har ei medisinsk avdeling her.

Byen er kjend for Slaget ved Königgrätz den 3. juli 1866, eit slag i den prøyssisk-austerrikske krigen.

Luftfoto av sentrum i byen

Hradec Králové er ein av dei eldste busetnadane i Tsjekkia. Byen hadde festning alt i 1062, og katedralen i byen vart bygd i 1303.

Hradec Králové heitte opphavleg berre Hradec (slottet), Králové (dronningas) vart seinare lagt til då byen dronning Elisabeth fekk byen av kong Wenceslaus II.

Byen var sentral under Hussittkrigane, då han var med på opprørarane si side.

Trettiårskrigen førte til at den protestantiske folkesetnaden vart jaga frå byen etter slaget ved Bílá hora i 1620. I 1639 vart byen omleira av svenskane i åtte månadar.

Under Josef II si regjeringstid vart mange av kyrkjene i byen rive ned for å gjere plass til festningsverk. Desse festningsverka stod heilt til 1884.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Det administrative området til Hradec Králové innanfor regionen Hradec Králové kraj

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003,[3] vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).[4] Hradec Králové er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by

[endre | endre wikiteksten]

Hradec Králové har status som lovbestemt by frå 1990.[5]

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Hradec Králové, Pardubice og områda rundt.[6] 66 kommunar frå det administrative området til Hradec Králové inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 49 kommunar frå det administrative området til Pardubice og 37 kommunar frå andre administrative område i regionen.

Det administrative området til Hradec Králové omfattar 81 kommunar. Av desse er 5 byar (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.

Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane:

Folketal 2001[8]Folketal 2011[8]Folketal 2021[2]
Hradec Králové SO144 125145 373146 003

Dei største kommunane i det administrative området:

KommuneFolketal 2021[2]
Hradec Králové92 649
Třebechovice pod Orebem5 634
Chlumec nad Cidlinou5 552
Smiřice2 796
Nechanice2 391
Černilov2 264
Stěžery2 112
Vysoká nad Labem1 794
Předměřice nad Labem1 779
Všestary1 692
Černožice1 100
Praskačka1 073

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største tettstadene i det administrative området:

TettstadFolketal 2021[2]
Hradec Králové92 649
Chlumec nad Cidlinou5 057
Třebechovice pod Orebem4 687
Smiřice2 590
Vysoká nad Labem1 794
Předměřice nad Labem1 779
Stěžery1 487
Nechanice1 361
Černilov1 185
Černožice1 100

Bydelar i Hradec Králové

[endre | endre wikiteksten]
Bydelane i Hradec Králové

Bydelane og tettstadene i Hradec Králové:

Bydel/tettstadFolketal 2021[2]
Březhrad899
Hradec Králové14 782
Kukleny2 617
Malšova Lhota869
Malšovice2 557
Moravské Předměstí4 966
Nový Hradec Králové22 458
Piletice186
Plácky1 108
Plačice737
Plotiště nad Labem2 087
Pouchov2 007
Pražské Předměstí13 045
Roudnička873
Rusek411
Slatina742
Slezské Předměstí8 948
Svinary1 064
Svobodné Dvory2 632
Třebeš7 225
Věkoše2 436
Hradec Králové by 92 649
Hradec Králové kommune 92 649

Kjende personar frå Hradec Králové

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ tysk Königgrätz
  2. 1 2 3 Overført frå Rychnov nad Kněžnou okres til Hradec Králové okres frå 1.1.2007[7]
  1. ↑ «Druhy pozemků, katastrální výměry - územní srovnání». Český statistický úřad. Henta 2026-08-27.
  2. 1 2 3 4 5 «Sčítání: Výsledky». Český statistický úřad. Henta 2026-08-27.
  3. ↑ «Zákon č. 320/2002 Sb.: Zákon o změně a zrušení některých zákonů v souvislosti s ukončením činnosti okresních úřadů («Lov av 18.07.2002 om endring og oppheving av visse lover i samband med opphøyr av verksemda til distriktsstyremaktene»)». zakonyprolidi.cz (på tsjekkisk). Henta 2026-08-22.
  4. ↑ «Zákon č. 128/2000 Sb.: Zákon o obcích (obecní zřízení)) («Lov av 15.05.2000 om kommunar (kommunal organisering)»)». zakonyprolidi.cz (på tsjekkisk). Henta 2026-08-22.
  5. ↑ «Analýzy: Analýza rozsahu výkonu veřejné správy v jednotlivých statutárních městech, městských částech a městských obvodech». mvcr.cz (på tsjekkisk). Ministerstvo vnitra České republiky («Innanriksdepartementet i Tsjekkia»). 2018. s. 16–18.
  6. ↑ «Vymezení území pro Integrované teritoriální investice (ITI) v ČR» (PDF). EY Audit. Henta 2026-09-05.
  7. ↑ «Vyhláška č. 513/2006 Sb.: Vyhláška, kterou se mění vyhláška č. 564/2002 Sb., o stanovení území okresů České republiky a území obvodů hlavního města Prahy, ve znění pozdějších předpisů («Forskrift av 29.11.2006 Dekret om endring av forskrift nr. 564/2002 Coll. om fastsetjing av områda for distrikt i Tsjekkia og områda for distrikt i hovudstaden Praha, med seinare endringar»)». zakonyprolidi.cz (på tsjekkisk). Henta 2026-10-01.
  8. 1 2 «Retrospektivní přehled o počtu obyvatel a domů v letech 1869 - 2011 v krajích a okresech». Český statistický úřad. Henta 2026-08-27.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hradec Králové