Huaihua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Huaihua i Hunan.

Huaihua (kinesisk skrift 怀化, pinyin Huáihuà ) er eit byprefektur sørvest i provinsen Hunan i Sør-Kina. Byprefekturet har totalt 5 millionar innbyggarar. Folketalet i sjølve byområdet vart 2005 berekna til 330 000.

Byen har kjemisk og farmasøytisk industri, og er eit viktig jarnbane- og vegknutepunkt mellom vest og aust i Kina. Sjølve byen er mykje forureina av trafikken. Huaihua har hatt universitet sidan 1958.

Flyplassen Zhijiang Hunan ligg 35 km frå bysentrum. Han var ein viktig militærflyplass under andre verdskrigen, og i 1945 skodeplass for Japans kapitulasjon overfor Kina. Det gamle baseanlegget er i dag museum til minne om motstanden mot japanarane. I Zhijiang ligg verdas lengste overbygde bru, konstruert i Dong-arkitektur, ei såkalla «Vind-og-regn bru».

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 209 i Kina går gjennom området. Han tek til i Hohhot i Indre Mongolia, og kryssar gjennom provinsane Shanxi, Henan, Hubei, Hunan og endar opp i hamnebyen Beihai i Guangxi.

Kinas riksveg 320 går òg gjennom området. Han byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og landet Myanmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]