Hudsonelva
Utsjånad
| Hudson | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | New York | ||
| Sideelvar | Mohawk | ||
| Lengd | 507 km | ||
| Middelvassføring | 606 m³/s | ||
| Munning | Upper New York Bay i Atlanterhavet | ||
![]() Hudsonelva 40°36′00″N 74°02′31″W / 40.6001°N 74.042°W | |||
| Wikimedia Commons: Hudson River | |||
Hudsonelva (engelsk Hudson River, mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609.

Kjelda til elva er Tear-of-the-Clouds-sjøen i Adirondackfjella. Ved Albany renn Mohawk-elva saman med henne, og deretter renn ho nesten rett sørover til ho munnar ut i Atlanterhavet mellom Manhattan i New York og New Jersey.
Eriekanalen, som blei opna den 26. oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til Atlanterhavet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hudsonfloden» frå Wikipedia på svensk, og «Hudson River» frå Wikipedia på bokmål den 27. august 2018.

