Hudsonsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Hudsonsundet mm

Hudsonsundet (engelsk: Hudson Strait) er eit sund som knyter Atlanterhavet saman med innhavet Hudsonbukta i Canada. Det om lag 720 kilometer lange sundet ligg mellom Baffinøya og nordkysten av Quebec. Hudsonsundet, som er i kring 60 km breidt på det smalaste og 240 km på det vidaste, endar i aust langs ei linje frå Cape Chidley i Quebec til Resolution Island ved Baffinøya.

Hudsonsundet har namn etter den engelske oppdagaren Henry Hudson, som i 1609 vitja staden med skipet «Discovery».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]