Hugo Hofstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hugo Hofstad
Fødd 28. november 1904
Død

13. januar 1979

Yrke fotballspelar

Hugo Hofstad (28. november 190413. januar 1979) var ein fotballspelar som spela på målvaktsplassen for SK Brann og det norske fotballandslaget.

Hofstad overtok som målvakt for SK Brann etter landsalgsmålvakta Sigurd Wathne. Hofstad var med å vinne noregsmeisterskapen i fotball for menn både i 1923 og 1925. Perioden 1923-26 spela han 12 landskampar for Noreg.

Hofstad var formann i Sportsklubben Brann i 1932 og 1933.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]