28. november
28. november er den 332. dagen i den gregorianske kalenderen (333. under skotår). Det er 33 dagar att av året.
Merkedag[endre | endre wikiteksten]
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar[endre | endre wikiteksten]
Nasjonaldag i Albania | Nasjonaldag til minne om sjølvstendet i Mauritania |
Religiøs helgedag[endre | endre wikiteksten]
Bevegelege heilagdagar som fell på 28. november i 2023:
Namnedag[endre | endre wikiteksten]
Noreg | Ruben og Rut |
Sverige | Malte |
Danmark | Sophie Magdalene |
Hendingar[endre | endre wikiteksten]
Utlandet[endre | endre wikiteksten]
- 1520: Ferdinand Magellan siglde gjennom Magellansundet utanfor Sør-Amerika, og blei den første europearen som såg Stillehavet.
- 1912: Albania erklærte sjølvstende frå Det osmanske riket.
- 1960: Mauritania fekk sjølvstende.
- 1975: Aust-Timor erklærte sjølvstende frå Portugal.
- 1989: Fløyelsrevolusjonen: Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet gjorde kjent at dei gav opp maktmonopolet.
Noreg[endre | endre wikiteksten]
- 1902: Gjøvikbanen vart opna då strekninga Jaren-Gjøvik stod ferdig.
- 1994: Folkeavstemming om medlemskap i EU ende med knapp siger til nei-sida.
- 1998: Den norske SN-bataljonen, Norbatt, i Libanon lét indiske styrkar ta over oppdraget.
Fødde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Fødde den 28. november.
- 1757: William Blake, britisk diktar og målar
- 1812: Ludvig Mathias Lindeman, norsk komponist og folkemusikksamlar
- 1820: Friedrich Engels, tysk sosialfilosof
- 1829: Anton Rubinstein, russisk pianist og dirigent
- 1878: Peder Kolstad, norsk statsminister
- 1881: Stefan Zweig, tysk forfattar
- 1960: Aslag Haugen, norsk musikar
- 1969: Hanne Ørstavik, norsk forfattar
- 1978: Mette Karlsvik, norsk forfattar
Døde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde den 28. november.
- 1058: Kasimir I av Polen, polsk konge
- 1680: Giovanni Lorenzo Bernini, italiensk arkitekt
- 1801: Déodat Gratet de Dolomieu, fransk geolog
- 1954: Enrico Fermi, italiensk-amerikansk fysikar
- 1962: Vilhelmina av Nederland, monark
- 1975: Peder Furubotn, norsk politikar
- 2009: Bjartmar Gjerde, norsk politikar