Hugo Preuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hugo Preuss
Hugo Preuß.jpg
Fødd 28. oktober 1860

Berlin

Død 9. oktober 1925
Berlin
Parti Deutsche Demokratische Partei, Freisinnige Vereinigung

Prof. dr. jur. Hugo Preuss (28. oktober 18609. oktober 1925) var ein tysk jurist og liberal politikar, og gjeld som far til Weimar-forfatninga.

Han vart i ein jødisk kjøpmannsfamilie, og studerte frå 1879 rettsvitskap ved universiteta i Berlin og Heidelberg. I 1883 tok han den juridiske doktorgraden i Göttingen, og i 1889 habiliterte han seg i statsrett i Berlin. Han arbeidde deretter som privatdosent i offentleg rett. I 1916 vart han professor ved handelshøgskulen i Berlin, og i 1918 vart han rektor ved høgskulen.

Etter novemberrevolusjonen vart Preuss 15. november 1918 utnemnd til statssekretær i innanriksministeriet og fekk oppdraget å førebu ein ny forfatning. I regjeringa til Philipp Scheidemann vart han utnemnd til tysk innanriksminister.

Han hadde vore innvald i Berlin sitt bystyre i 1895, og var mellom 1910 og 1918 æresbyråd i Berlin, og frå 1919 til sin død òg medlem av den prøyssiske landdagen (delstatsparlamentet).

Preuss var medlem av Deutsche Demokratische Partei og av Reichsbanner Schwarz-Rot-Gold.

Hugo Preuss vart fødd og døydde i Berlin.