Hopp til innhald

Hundvåko

Koordinatar: 60°07′12″N 05°08′40″E / 60.12000°N 5.14444°E / 60.12000; 5.14444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundvåko
Geografi
Stad Austevoll
Koordinatar 60°07′12″N 05°08′40″E / 60.12000°N 5.14444°E / 60.12000; 5.14444

Areal 10,7 km²

Høgaste punkt 61 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 698 (2023)
Folketettleik 65,2 /km²

Hundvåko,[1] òg kalla Hundvåkøy, er den tredje største øya i Austevoll kommune. Som dei fleste andre øyar ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheiar og litt skog. Øya er 10,7 kvadratkilometer og det bur kring 700 menneske der.

Næringsgrunnlaget kjem frå havet. Her er den tettaste konsentrasjonen av ringnotsnurparar i landet, i alt 12 fartøy. Elles er fiskeoppdrett ei viktig næring her som i resten av kommunen. Villsauen beitar ute heile året i lyngheiane. Sauerasen har overlevd i dette karrige landskapet sidan vikingtida.

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3] 2000[4] 2023[4]
182 344 529 698

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fakta om Hundvåko». Kartverket - Fakta om stadnamn. Henta 30. juli 2016. 
  2. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
  4. 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå