Hunua Ranges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. januar 2009 kl. 19:13 av BepBot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-\b(o|O)mlag (\d|ein|to|tre|fire|fem|seks|sju|åtte|ni|ti|elleve|tolv|tretten|fjorten|femten|seksten|sytten|atten|nitten|tjue) +\1m lag \2))

Hunua Ranges er ei rekkje åsar søraust for AucklandNordøyaNew Zealand. Dei dekkjer om lag 250 km², av dette er 178 km² verna område, og dei når ei største høgde på 688 m.o.h. ved Kohukohunui. Auckland får mykje av vasstilførsla si frå reservoar i Hunua Ranges.

Skogane og åsane var i føreuropeisk tid nytta av maoriar for å skaffa mat, tømmer og som tilfluktsstad, men mindre for permanent busetnad. Området vart etter kvart kjøpt opp for å byggja ut vassforsyninga til Auckland, og seinare innlemma i dei regionale offentlege parkanlegga.

Åsane ligg om lag 50 km søraust for Auckland, ovanfor den vestlege breidda til havarmen Firth of Thames. Busetjinga er spreidd i området, det meste ligg innanfor grensene til Waharau og Hunua Ranges Regional Park. Somme kallar feilaktig området for Bombay Hills, men dette er i røynda ei mindre åsrekkje som ligg sørvest for Hunua Ranges.

Referansar og lenkjer ut