Husdyrkontrollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Husdyrkontrollen har sidan 1950-talet samla inn opplysningar om husdyr i Noreg.

Om lag 90 % av norske bønder er medlemmer i husdyrkontrollen. Medlemskapen er frivillig. I dag vert kostnadene til ku- og geitekontrollen dekt av fellesskapen over mjølkeprisen, men denne ordninga er under vurdering. Bønder som er medlemmer plikter å kontrollere mjølka 11 gonger i året.

Måten organisasjonen samlar inn og behandlar informasjonen som vert nytta i avlen er antakeleg unik i verda, og dette har vore ein sentral del av den sosialdemokratiske jordbrukspolitikken. Det at så godt som alle bønder i Noreg historisk sett har vore medlemmer av Husdyrkontrollen gjer at norsk genforskning har hatt ein eineståande organisatorisk fordel, med særs god tilgang på opplysningar om yting, sjukdomstilfelle, avl og fôring.

Storferasen «Norsk raudt fe» er ein av rasane som har vorte avla fram på grunnlag av dette materialet.