Sosialdemokrati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det raude flagget blir òg bruka av parti i den sosialdemokratiske tradisjonen.

Sosialdemokrati var opphavleg ei nemning brukt av både revolusjonære og reformistiske sosialistar. Etter den russiske revolusjonen vart sosialdemokratiet ei nemning for reformistane, medan dei revolusjonære heller kalla seg kommunistar.

Dei vanlegaste tydingane av ordet sosialdemokrati i dag er anten ein reformistisk sosialisme i samsvar med definisjonen ovanfor, eller ein politikk nærare sentrumsorientert sosialliberalisme, fordi somme i namnet sosialdemokratiske parti har lagt bort målet om eit sosialistisk samfunn, ikkje berre i realiteten, men òg formelt. Såleis mellom anna Det norske Arbeidarpartiet, som har fjerna den sosialistiske føremålsparagrafen sin.

Éin måte sosialdemokrati vert definert på i dag, er å knyte nemninga til dei partia som høyrer til den Sosialistiske Internasjonalen, mellom dei Det norske Arbeidarpartiet og britiske Labour Party. Denne definisjonen tek ikkje med mange av dagens reformistiske sosialistparti, som til dømes Sosialistisk venstreparti, noko som har gjer at ein har laga nye omgrep som dekkjer dette, mellom anna venstresosialisme.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Sosialdemokrati er ei nemning som historisk ofte er blitt brukt av sosialistparti i land som kulturelt sett har stått relativt nær Tyskland. Dette gjeld i tillegg til Sentral-Europa også Nord-Europa og Aust-Europa. Det var dei tyske marxistane (sjå Marx) som først skipa eit sosialdemokratisk parti, Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) i 1875, eit parti som framleis finst, men som står svært langt frå ei marxistisk eller radikal linje i dag. SPD var liksom det uoffisielle mønsterpartiet i den Andre Internasjonalen av sosialistiske parti før første verdskrigen, og arbeidarpartia i dei nemnde delane av Europa kalla seg oftast sosialdemokratiske etter kvart som dei blei danna. Såleis til dømes det svenske sosialdemokratiske partiet (Socialdemokratiska Arbetarepartiet, SAP) og det russiske sosialdemokratiske partiet (Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, RSDRP/RSDAP).

Etterkvart delte sosialistrørsla seg inn i revolusjonære og reformistiske sosialistar. Då vart sosialdemokratiet ei nemning brukt av reformistane, som meinte at sosialismen kunne og burde innførast gradvis gjennom det borgarlege demokratiet.

Tilsvarande parti i romanske og angelsaksiske land har derimot ikkje brukt nemninga historisk sett, dei har kalla seg sosialistar, anten direkte i partinamnet som Det spanske sosialistiske arbeidarpartiet (PSOE), det amerikanske sosialistpartiet (Socialist Party) eller medlemene seg imellom, som i britiske Labour Party (kanskje meir før enn no).

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har nemninga ei noko kronglete historie. Det sosialdemokratiske partiet kalla seg berre Det norske Arbeidarpartiet (skipa i 1887), men medlemene kalla seg sosialdemokratar, rørsla kalla dei for sosialdemokratiet, og ideologien og målet for sosialisme. Slik var det frå starten til 1920-åra. Da kløyvdest den politiske arbeidarrørsla her i landet to gonger. Første gongen i 1921, da Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) blei skipa i protest mot DNA sin medlemskap i den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern) (frå 1919) og dei følgjene det fekk for den politiske linja til DNA. Andre gongen i 1923, da Norges Kommunistiske Parti (NKP) blei danna fordi DNA gjekk ut att av Komintern.

Men DNA rekna seg framleis som kommunistisk parti, og medlemene kalla seg kommunistar, fram til samlinga med NSA i 1927. Frå da av kalla dei fleste arbeidarpartifolk seg sosialistar, fordi dei framleis rekna seg som meir radikale enn dei tidlegare NSA-medlemene og DNA som meir radikalt enn dei andre nordiske sosialdemokratiske partia, og dei ville derfor ikkje kalle seg sosialdemokratar. Nemninga "sosialist" fekk derfor ein meir radikal dåm her i landet enn nemninga "sosialdemokrat", sjølv om fleire av dei gamle NSA-medlemene etter krigen hadde hamna på venstre fløy i partiet fordi partiet sjølv hadde dreidd mot høgre, og sjølv om mange av søsterpartia til DNA kallar seg sosialistiske, liksom den Sosialistiske Internasjonalen DNA er medlem av. Ikkje før i 1980-åra blei det vanlegare for DNA-medlemer å kalle seg sosialdemokratar enn sosialistar.

Det andre partiet som kan kallast sosialdemokratisk i Noreg heiter Sosialistisk Venstreparti (danna i 1975, men med Sosialistisk Folkeparti danna i 1961 som klar forgjengar). I SV kallar medlemene seg sosialistar, og står for ein demokratisk sosialisme som kanskje like gjerne kunne kallast sosialdemokratisk i den gamle tydinga.

I kva grad DNA framleis står for ein klassisk sosialdemokratisk politikk kan diskuterast, da innhaldet i dette omgrepet er mykje endra. Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti 1921-1927 framstår i dag som eit svært radikalt sosialistparti samanlikna med dagens DNA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mellom andre Pax Leksikon, artiklane Arbeiderpartiet, Sosialistisk Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]