Husum protestsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husum protestsvin

Husum protestsvin, offisielt Tysk Saddelsvin[1] (tysk Rotbuntes Husumer[2]) er ein dansk-tysk svinerase frå Nordfrisland. Det er raudt på farge med ei kvit stripe tvers over ryggen.[3]

Svinet skal ha blitt avla fram som ein protest mot forbod mot danske kulturuttrykk, som å flagga med Dannebrog, etter at Sønderjylland kom under tysk styre i 1864. Fargane til dyret kan minna om dei til det danske flagget.[3] Det blei særleg avla fram mange dyr av denne typen i byen Husum, og grisen har derfor namn herfrå.[1]

Det blei danna eit alslag for svinet i 1954. I dag finst det få individ av arten, fleire av dei er i dyrehagar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Husumer Protestsvin | Historiskerejser.dk (på dansk), henta 6. juni 2020 
  2. FAO DAD-IS: Rotbunte Husumer
  3. 3,0 3,1 Brigitte Alfter (18. januar 2008). «Protestsvin fra Husum og andre historier». 
  4. Porter, Valerie; Alderson, Lawrence; Hall, Stephen J. G.; Sponenberg, D. Phillip (9. mars 2016), Mason's World Encyclopedia of Livestock Breeds and Breeding, 2 Volume Pack (på engelsk), CABI, ISBN 978-1-84593-466-8, henta 6. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Husum protestsvin