Hydroterapi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pasient som går gjennom hydroterapi i 1902.

Hydroterapi er behandlingsmetodar med bruk av vatn. Terapiforma kan innebera heile eller delvise bad med stigande eller fallande temperatur, kalde fotbad, varme bad eller dampbad.

Ulike tilsetningar i vatnet som kolsyre, olje, svovel, urter, mineral eller andre stoff kan ifølgje hydroterapeutar ha ein lækjande verknad. I enkelte tilfelle kan massasje inngå som ein del av behandlinga.

Metoden blir nytta mot svært ulike plager, mellom anna ved revmatisme, hudinfeksjonar, eksem, psoriasis og for å stimulera immunapparatet og blodomløpet. Det finst førebels lite dokumentasjon som stadfestar at metoden har nokon effekt. Revmatikarar verker likevel å føretrekkja vasstemperaturar kring 35 grader som det som gjer det lettare å røra seg der og då, og rapporterer stivningstendensar i ledda dersom temperaturen søkk nokre få grader.

Hydroterapi har vore brukt terapeutisk innanfor ulike kulturar sidan stordomstida til Romarriket.

Det voks gjerne fram badestader ved naturlege mineralhaldige eller varme kjelder. I Tyskland har det vokse fram fleire kurbad-byar med namn som byrjar på «Bad». Nokre av desse blei ofte vitja av adelege og rike frå heile Europa, noko mellom anna bygningsmassen både for badestaden og herskapsbustadene rundt ber preg av. I Bad Ems finn ein også ei russisk ortodoks kyrkje som blei bygd for medlemmer av den russiske adelen, i tillegg til ei katolsk kyrkje. I Budapest er nokre varmtvasskjelder offentlege og populære for både fastbuande og turistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]