Hyperrealisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mauro David, Crystal dish with melon sin (Fruttiera di cristallo con meloni), olje på treplate, 1999

Hyperrealisme er ein sjanger innan biletkunst der teikning, måleri og skulpturar liknar på høgoppløyselege fotografi. Dei kan òg minna om glansfulle illustrasjonar for publikasjonar frå og med 1970-talet gjort med airbrush ved at bileta blei særs fargerike og med same skarpe fokus over heile biletflata. Hyperrealisme som kunsthistorisk omgrep kan kallast ei vidareføring av fotorealisme ut frå metodenbruken i framstillinga av bilete som er «meir realistisk enn realismen» eller «meir verkelege enn røyndomen sjølv». Omgrepet er hovudsakleg nytta om ei uavhengig kunstrørsle og kunstnerisk stil hovudsakleg i USA og delvis i Europa som utvikla seg tidleg på 2000-talet.[1]

Historisk var det truleg ein belgisk kunstutstillar og gallerieigar, Isy Brachot, som var først ute med omgrepet Hyperréalisme, då som ein tittel for ei utstilling i Brussel i 1973. Utstillinga var prega av amerikanske fotorealistar, men òg europeiske. Uttrykket er sidan brukt i Europa, vanlegvis om malarar som arbeidde ut frå eller tilsvarande fotorealismen.

Hyperrealisme kontra fotorealisme[endre | endre wikiteksten]

Måla sjølvportrett av Cor Groenenberg (2007), 100 x 80 cm

Hyperrealisme er ikkje utelukkande biletframstilling som ser figurativt eller utelukkande fotografisk ut, men har ei litterær tilnærming som i forlenginga av fotorealistiske måleri frå slutten av 1900-talet.[2] Hyperrealistiske kunstmålarar og skulptørar nyttar fotografi som referansekjelde for å skapa ei meir endeleg og detaljert attgjeving der meir avgrensa fotorealistar tenderer til å etterlikna fotografiske bilete for å oppnå tilsvarande kvalitet. Sidan fotorealisme har utvikla seg frå popkunst tenderar fotorealistiske bilete til å vera tette, presise og med vektlegging av det realistiske og daglegdagse.[3]

Hyperrealisme, sjølv om det er fotografisk i vesen, har stilistisk sett ofte eit mjukare og langt meir komplekst fokus på dei emna som blir avbilda eller representerte. Desse objekta, førestillingane og scenene i hyperrealistiske måleri og skulpturar er ofte presenterte som eit levande, handgripeleg objekt og er ekstremt detaljerte for å skapa illusjonen av ein røyndom ein ikkje kan sjå i eit ordinært fotografi. Det tyder ikkje naudsynlegvis at hyperrealisme er surrealistisk i vesen, sjølv om dei òg kan vera det, men teksturen, overflata, lyseffektane og skuggar opptrer med ei klårare, meir detaljert framstilling og meir bestemt enn eit referansefotografi eller sjølv det faktiske objektet i seg sjølv.[4]

De dos XXIX av Jacques Bodin, oljemåleri, 107 x 90 cm.

Hyperrealisme har blant anna røter i filosofien til Jean Baudrillard; «simuleringa av noko som eigenleg aldri har eksistert.» I denne forstanden skapar hyperrealistar ein falsk røyndom, ein overtydande illusjon basert på ein simulert røyndom, som eit digitalt fotografi som er blitt behandla i eit biletprogram som Adobe Photoshop.[5] Hyperrealistiske måleri og skulpturar er ein utvekst av ekstremt høgoppløyselege bilde som er frambrakt av digitale kamera og vist på datamaskinar. Medan fotorealisme emulerer analogt fotografi, kan ein seia at hyperrealisme nyttar digital biletbruk og biletspråk, og ekspanderer det til å skapa ei ny form for røyndom.[6] Hyperrealistiske måleri og skulpturar konfronterer tilskodaren med illusjonen av manipulerte høgoppløyselege bilete, om enn meir omhyggeleg.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bredekamp, Horst (2006): Hyperrealism - One Step Beyond. Tate Museum, Publishers, s. 1
  2. Mayo, Deborah G. (1996): Error and the Growth of Experimental Knowledge, Chicago: University of Chicago Press. s. 57-72
  3. New Britain Museum of American Art - Educational Resources Arkivert 13. mars 2007 på Wayback Machine.
  4. Meisel, Louis K. (1980): Photorealism. Harry N. Abrams, Inc., Publishers, New York; s. 12.
  5. Baudrillard, Jean (1981): Simulacra and Simulation, Ann Arbor Mich.: University of Michigan Press
  6. Horrocks, Chris & Jevtic, Zoran (1996): Baudrillard For Beginners. Cambridge: Icon Books, s. 80-84
  7. Bredekamp, Horst (2006): Hyperrealism - One Step Beyond. Tate Museum, Publishers, s. 1-4.