Hysteresetap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hysteresetap er eit energitap på grunn av hysterese. Hysteresetapet er proporsjonalt med arealet av hysteresesløyfa, og kan reknast ut frå dette.

Alle typar hysterese er vanlegvis uønskte, fordi dei representerer energi som går tapt i form av varme. Tap ved magnetisk hysterese i elektriske maskinar og transformatorar blir redusert ved å framstille jernkjernane i slike apparat av «blautt jern» (silisiumlegert stål).

Dielektriske hysteresetap blir utnytta til dielektrisk oppvarming, t.d. ved høgfrekvenssveising av plastmaterial.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Hysteresetap» i Store norske leksikon, snl.no.