Idrettsforeningen Sturla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IF Sturla)
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettsforeningen Sturla er eit idrettslag heimehøyrande i Drammen. Laget vart skipa 6. november 1923. IF Sturla deltek i friidrett, orientering og skisport.

Langdistanseløparen Per Halle og diskoskastaren Ola Stunes Isene har vore Sturlas fremste utøvarar i friidrett. Hinderløparen Ståle Engen, diskoskastaren Jorunn Tangen Hole og mellomdistanseløparen Tor Hansen hevda seg i toppen av noregseiten i respektive øvingar. Idrettslaget har elles særleg utmerkt seg i orinteringsløypene. Øyvind Thon vart verdsmeister i 1979 og 1981, saman med broren Harald Thon, Sigurd Dæhli og Egil Iversen syrgde han for ei rad NM-gull til laget i tida 1979-87.

Fram til 1992 deltok Sturla i handball. Handballgruppa braut då ut or laget og danna saman handballgruppa i Reistad Idrettslag det nye laget Drammen Håndballklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]