iMac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike generasjonar av iMac G4.

iMac er ein serie stasjonære datamaskinar av merket mac (opphavleg Macintosh) produsert av Apple. Dette var den første maskinen som som kom etter at Steve Jobs vart administrerande direktør for Apple. Dette var ei heilt ny retning for Apple. Modellen frå 2007 er utforma med all hardware bak den breie flatskjermen innramma av eit stativ . Maskinene fåast i 20" og 24" versjonar. Alle iMacane er designa av Jonathan Ive. iMac er ein av Apples største suksessar og har framleis svært sterke salstal, men må sjå seg slått av den berbare MacBooken.

Da den vart avløyst av den nest siste modellen i iMac-serien som har alt innebygd i sjølve LCD-eininga. 6. september 2006 vart denne igjen avløyst av dagens modell. Denne har stort sett same utsjånad, men er ganske så annleis på innsida. Den har mellom anna ny prosessorarkitektur, Intel Core 2 Duo-prosessorar som køyrer på 1,83 GHz, 2,0 GHz og 2,16 GHz, og oppgraderbar til 2,33 GHz med 17", 17"/20" og 24" store skjermar.

Modellar[endre | endre wikiteksten]

iMac G3

iMac G3[endre | endre wikiteksten]

Den første iMac vart presentert i mai 1998 og var da grensesprengande med det kompakte designet sitt. Den hadde ein G3-prosessor med 233 MHz og kom med ein harddisk på 4GB og kunne ta max 384 MB minne. Den hadde ein innebygd 15" CRT-skjerm. Den første modellen var i sal i seks oppdaterte versjonar fram til januar 2002 da den vart avløyst av iMac G4.

iMac G4

iMac G4[endre | endre wikiteksten]

iMac G4 vart lansert i januar 2002. Den hadde LCD-skjerm og kom i 15", 17" og 20" (kom november 2003). Den modellen kom med 40 eller 60 GB harddisk og kunne ta max 1 GB minne. Den hadde ein stor sokkel (halvkule) som inneheldt sjølve datamaskin-delen og ein arm der skjermen var festa. Den vart oppgradert tre gonger. Denne var i sal fram til august 2004.

iMac G5

iMac G5[endre | endre wikiteksten]

Imac G5 lansert i august 2004 den hadde eit heilt nytt design kvar alt er innebygd i skjermen. Den kom i 17" og 20" med widecreen format. Den har ein vertial cd-/dvd-rom på sida. Denne modellen kom med ein PowerPC G5 prosessor med ei fart på 1,8 GHz. Den hadde 256MB av RAM som standard, men kunne oppgraderast til 2.0 GB.

iMac G5 med iSight

iMac G5 med iSight[endre | endre wikiteksten]

Denne modellen vart lansert i oktober 2005. Den fekk eit tynnare design og eit lite webkamera på toppen av skjermen som heiter iSight som kunne brukast saman med ichar og Photo Booth som vart lansert same dag. Den fekk med fjernkontrollen Apple Remote som kunne brukast saman med Front Row.

iMac (Intel-based)[endre | endre wikiteksten]

Den vart lansert i januar 2006. Dette var Apple si første maskin med Intel-prosessor, Intel Core Duo. Den har same design som sin forgjengar, men er ganske så annleis på innsida. Den har mellom anna ny prosessorarkitektur, Intel Core Duo-prosessorar som køyrer på 1,83 GHz, 2,0 GHz og 2,16 GHz, og oppgraderbar til 2,33 GHz med 17" og 20" store skjermar. I september 2006 vart denne iMacen oppdatert den fekk betre skjerm og ein skjerm med storleik større 24". Ny prosessor Intel core 2 duo og ein 24".

iMac alu[endre | endre wikiteksten]

Denne vart lansert 8 august 2007. Den har fått eit heilt nytt og mykje tynnare design. Alt det kvite er borte til fordel for glas og aluminium. Nytt tastatur i aluminium som har same tastar som macbook. Denne imacen finst i to storleiker 20" og 24".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: IMac