INTRO-folk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar i regi av FolkOrg. INTRO-folk er ein musikkonkurranse. I tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, og der eit breitt publikum kan lære å kjenne dei som musikkutøvarar. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira. Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]