I stål og olje - Historia om jern- og metallarbeidarane på Stord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I stål og olje - Historia om jern- og metallarbeidarane på Stord er ei bok om historia til fagforeiningane i industrien på Stord, frå skipinga av Stord Jern- og Metallarbeiderforening (avd. 100) ved Stordø Kisgruber første gongen i 1914 og fram til Avdeling 118 i Fellesforbundet og Verkstadklubben ved Aker Stord90-talet. Boka er skriven av historikaren Knut Grove og samfunnsvitaren Jan Heiret og vart gjeven ut av Avdeling 118 i 1996, i samband med femtiårsjubileumet i 1995.

I stål og olje fortel om industrireisinga på Litlabø og på Kjøtteinen, historia til Aker Kværner Stord, linekampar i fagrørsla, dei lokale organisasjonane og om sentrale personar i desse organisasjonane. Boka er delt inn i kapittel kronologisk. Første kapittel startar på byrjinga av 1800-talet, lenge før industrireisinga tek til.