Stordø Kisgruber
Stordø Kisgruber A/S var eit selskap som dreiv svovelkisgruva på Litlabø i Stord kommune frå 1907 til 1968.
Gruvene var ein viktig arbeidsplass på Stord, og mellom 150 og 400 arbeidarar jobba her. Den mest lønsame perioden var i 1950-åra. Arbeidarane budde i gule hus rundt gruveområdet, medan funksjonærane heldt til i kvite hus. Gruvesjakta under det karakteristiske heistårnet er om lag 750 m djup og går loddrett ned. For kvar 50. meter finst det fleire kilometer lange gruvegangar innover i fjellet. Til saman er det 80 km med gruvegangar, som i dag er fylte med vatn.
Svovelkisen vart ført 3,3 km med elektrisk jernbane til utskipingshamna på Grunnavågneset ved Sagvåg. Anlegget hadde ein lastekapasitet på om lag 2000 tonn per skift og ein lagerkapasitet på 40 000 tonn.[1]
Området er i dag eit museum, og mange av bygga tilknytte gruveområdet er bevarte.
Starten
[endre | endre wikiteksten]I 1861 fann to lokale bønder svovelkis i området. Det vart starta sporadisk utvinning i dagbrot i 1865, og seinare gjekk ein over til synkdrift. Det bergenske gruveselskap kjøpte eigedomen i 1870-åra, og då bygginga av Vossabanen mellom Bergen og Voss tok til, var behovet stort for dynamitt. Det vart derfor sett i gang dynamittproduksjonen i 1877, og ein dreiv stort sett berre gruva for å skaffe svovelkis til svovelsyreproduksjonen. Ei kald vinternatt i 1880 størkna nitroglyserinen i røyra, og det var vanskeleg å kome i gang att med produksjonen morgonen etter. I iveren etter å få tint opp nitroglyserinen eksploderte heile anlegget. Fabrikken vart jamna med jorda, tre mann omkom, og ein mann overlevde.[2] Fem år seinare selde selskapet gruvene til ingeniør Koren og Tørres Dale, som tjue år tidlegare hadde oppdaga dei første kisgangane.
Det var stor trong for svovelkis i industrien i Europa, og i 1904 vart eigedomen seld til belgiske industrifolk. Stordø Kisgruber A/S vart skipa 11. februar 1907 og etter kvart seld til tyske eigarar. Tyskarane moderniserte drifta for store summar.
Drift
[endre | endre wikiteksten]Den første hovudaksjonæren i Stordø Kisgruber A/S var H. Fasting frå Antwerpen, men alt 28. februar 1908 vart to tredjedelar av aksjane selde til det tyske selskapet Zellstoffabrik Waldhof. I 1912 kjøpte tyskarane òg resten av aksjane. Waldhof utvikla og fornya gruvedrifta, men etter at verksemda var komen godt i gang, fekk Waldhof mindre innverknad.[1]
Natt til 24. januar 1943 utførte norske kommandosoldatar tilknytte No 5 troop, No 10 Inter Allied Commando, eit raid mot gruvene, kjent som Raidet mot Stordø Kisgruber. Målet med dette var at tyskarane ikkje skulle kunne nytte svovelkisen i krigsprodkusjonen. Arnfinn Haga har skrive bok om hendinga kalla «Raidet mot Stordø Kisgruber». Etter krigen overtok Staten verksemda som krigsbytte.I 1968 vart verksemda lagd ned. Stord kommune tok då over eigedomen.
Svovelkisen på Stord var den fattigaste av alle dei kjende kisgruvene som var i drift i verda i denne perioden. Kisen hadde berre om lag 23 % svovel og ikkje kopar, som svovelkis ofte har.[1] Waldhof valde likevel å satse på Stordø-kisen fordi dei trong store mengder svovelkis i celluloseproduksjonen sin. Spanske kisgruver dominerte marknaden og påverka mellom anna prisen på svovelkis. Som eigar av Stordø-kisen kunne Waldhof sjølv avgjere prisen.
Stordø fekk hovudsakleg elektrisitet frå sitt eige kraftverk på Børtveit, om lag 13 km nord for Litlabø. Her vart det levert 7 GWh på eit middels år.[1]
Geologi og produkt
[endre | endre wikiteksten]Kisen i området har sedimentært opphav og vert kalla vasskis. Bergartane som gruvene går gjennom, er stort sett grønsteinskifer og bituminose-fyllittar.
Svovelkisen vart handsama på området, og salsproduktet var eit konsentrat med om lag 38 % svovel og 41 % jern. Salsproduktet utgjorde om lag 42 % av rågodsmengda. Som biprodukt vart det levert singel, kalla «Stord Makadam».[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Statue av ein gruvearbeider.
- Heistårnet
- Utsikt frå heistårnet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 Nils Jørgen Sætrevik (1978). «Stordø Kisgruber A/S 1945 - 1972 - Drift og styring». Hovudfag i Historie - Universitetet i Bergen.
{{cite journal}}: Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp) - ↑ Severin Eskeland (1957). Herbrand Lavik (red.). Stordø Kisgruber - Soga om ei verksemd 1907-1957. Referansefeil: Ugyldig
<ref>-kode; ugyldige namn, t.d. for mange