Ibrahim Jeilan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibrahim Jeilan

Ibrahim Jeilan under gulløpet i Daegu i 2011.
Statsborgarskap Etiopia
Fødd 12. juni 1989 (34 år)
Bale-provinsen
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 158 centimeter
Ibrahim Jeilan på Commons

Ibrahim Jeilan Gashu (fødd 12. juni 1989) er ein etiopisk langdistanseløpar som tevlar på 5 000 meter, 10 000 meter og i terrengløp. Han vart verdsmeister på 10 000 m under VM i friidrett 2011, og tok sølv på same distansen i den etterfylgjande verdsmeisterskapen 2013.

Jeilan sette sine personlege rekordar i 2006, då han var 17 år gammal. I juni månad fekk han notert 13.09,3 på halvmila i spanske Huelva, to månader seinare sprang inn til 27.02,8 på mila i eit stemne i Brussel. Same sesongen vann han 10 000 meter i verdsmeisterskapen for juniorar.

I 2008 vart Jeilan juniorverdsmeister i terrengløp i Edinburgh, og han kom på andreplass på mila då afrikameisterskapen vart arrangert i Addis Abeba. Tre år etterpå sikra han seg gullmedaljen på 10 000 m under friidretts-VM i Daegu, og berre 15 dagar seinare vann han same distansen ved dei panafrikanske leikane i Maputo.

Jeilan deltok ikkje i Sommar-OL 2012. Han tok sølvmedaljen på 10 000 meter då VM i friidrett 2013 fann stad i Moskva, slått i spurten av Mo Farah frå Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]