Addis Abeba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Addis Abeba
none
Land Flag of Ethiopia.svg Etiopia
Areal 530,14 km²
Folketal 3 837 157 (2008)
Tidssone EAT
Wikimedia Commons: Addis Ababa

Addis Abeba er hovudstaden og den største byen i Etiopia. Byen ligg ved foten av Entoto-fjellet (amharisk Ənt'ot'o እንጦጦ). Byen har om lag 3,4 millionar innbyggjarar (2008). Byen har status som sjølvstyrande region (astedader akabibi) i Etiopia.

Bynamnet[endre | endre wikiteksten]

På amharisk heiter byen Addis Abäba ኣዲስ ኣበባ [adːiːs aβəβa], som eigentleg er ge'ez og tyder 'ny blome'. På oromo har byen namna Finfinnee (av hora finfinnee 'varm kjelde') og Shaggar. På engelsk blir bynamnet skrive Addis Ababa, medan forma Addis Abeba er nytta på mellom anna norsk, svensk, tysk, nederlandsk, fransk, katalansk, italiensk og tsjekkisk. Ethiopian Mapping Authority [1] nyttar òg forma Addis Abeba.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa vart vald av keisarinne Taytu Betul (ge'ez T'aytu Bǝt'ul ጣይቱ ብጡል) og byen vart grunna i 1886 av ektefellen hennar, keisar Menelik II (ge'ez Mǝnilǝk ምኒልክ). 5. mai 1936 vart han okkupert av italienske styrkar. Addis Abeba var hovudstad i Italiensk Aust-Afrika til britiske styrkar sigra over italienarane i 1941, og keisar Haile Selassie vende tilbake 5. mai 1941.

Organisasjonar og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Den afrikanske unionen har hovudkvarteret sitt i byen til like med United Nations Economic Commission for Africa. Ein finn og Universitetet i Addis Abeba (engelsk Addis Ababa University, amharisk Addis Abäba Yunivärsǝti አዲስ አበባ ዩኒቨርስቲ) her.

I dag har byen flysamband gjennom Bole International Airport og togsamband til Djibouti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]