Ibsen-museet i Grimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°20′31.794″N 8°35′40.085″E / 58.34216500°N 8.59446806°E / 58.34216500; 8.59446806

Ibsen-museet i Grimstad

Lars Nielsens apotek. Foto: Mahlum, 8. september 2006
StadGrimstad
Skipa1916
MuseumstypeLitterært museum
DirektørAnita Estensen
Nettstadhttp://www.gbm.no/ibsenmuseet.html
Kart
Ibsen-museet i Grimstad
58°20′32″N 8°35′40″E / 58.342165°N 8.59446806°E / 58.342165; 8.59446806

Ibsen-museet i Grimstad vart opna i 1916 som det første museet vigd Henrik Ibsen.[1] Det held til i huset Ibsen budde og arbeidde i då han var hjelpar hjå apotekaren Lars Nielsen.

Ibsen i Grimstad[endre | endre wikiteksten]

Henrik Ibsen kom til Grimstad i 1843 med jakta «Lykkens Prøve» frå Skien,[2] for å bli læregut ved apoteket til Jens Aarup Reimann. I 1846 gjekk Reimann konkurs. Apotektverksemda blei seld og flytta frå Reimannsgården. Denne bygningen husar i dag Grimstad Kunstforening.[3] Den nye eigaren i 1847 blei Lars Nielsen. Ibsen arbeidde for han etter å ha tatt farmasøytisk medhjelpareksamen. Det er hans hus som er gjort om til Ibsen-museum.

Ibsen fekk etterkvart ein trofast vennekrins, og dei samla seg ofte i vaktrommet til apoteket. Han budde i byen til 1850.[4]

… Blandt mine bedste Minder fra hin Tid hører du, gamle Ven! Din lyse Aand og dit Humør fængslede mig strax og under det trivielle, stærkt materielle Liv i Grimstad, med sine evindelige Skibspærter, var det at besøge dig en Nydelse og Løftning, som jeg aldrig vil glemme og som jo bidrog adskillig til at vække og udvikle de Interesser, jeg af Naturen havde faaet Sands for, men som var lidet kjendte under Forholdene der.

Min Hukommelse er endnu saa ualmindelig klar og levende. Jeg gjenoplever saaledes fremdeles i Tankerne de mange interessante Timer i det Værelse paa Apotheket, naar t. E. Daniel Martini[5] maatte holde[s] for. Jeg ser endnu tydelig dine Illustrationer (med Text) af hans uheldige Hesteflugt mellem Frivold og Homedals Præstegaard, – jeg ser dig, Schul[e]rud, Gunder og mig sidde og spille Kort hos dig, med Punsch i Salvekrukker, der i Tilfælde af Forstyrrelse øieblikkelig maatte tømmes og puttes i Lommen. Jeg ser dit af Fryd straalende Ansig da du første Gang læste dit Produkt paa Tryk (Øhlenschlæger i Valhal),[a] – jeg gjenoplever de frydefulde Aftener, da du for Schul[e]rud og mig læste, hvad du sidst havde skrevet af ”Catilina”. …[6]

Christopher Lorentz Due, i eit brev til Henrik Ibsen
Jens Aarup Reimanns apotek. Foto: Mahlum, 8. september 2006.
Ibsenhuset tidleg på 1900-talet.

Historia til museet[endre | endre wikiteksten]

Museet opna som «Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum» den 6. juni 1916, i samband med Grimstad si hundreårsmarkeing som by. Då hadde ein komité arbeidd med tilskipinga sidan 1909. Museet tok over delar av gjenstandsamlinga til Dahlske skole, som var blitt skipa allereie i 1796.[7]

Komiteen hadde opphavleg tenkt å kjøpa Reimannsgården i Storgata, der Ibsen hadde vore læregut frå 1843 til 1847. Under planlegginga kom det fram at også «Catilinahuset», der Ibsen var medhjelpar frå 1847 til 1850, var til sals. Dette blei kjøpt i 1914 for 5000 kroner. Huset blei endra til å få ei utforming meir liknande den som hadde vore på Ibsen si tid.[7]

Det blei samla inn gåver til museet, utstyr som frakk, flosshatt, paraply, blekkhus, briller, duk og fotografi. I tillegg skjenka Sigurd Ibsen inventaret frå Ibsen si spisestove i Kristiania til mseet. Då museet opna hadde det ei blanding av rekonstruert innreiing frå apoteket på Ibsen si tid, og minne frå dei eldre dagane til forfattaren.[7]

Museet formidla også lenge historia til Grimstad by, men i 2006 blei det eit reint Ibsen-museum. Det fekk også sterkare fokus på Ibsen si tid i Grimstad, og sende spisestovemøblementet på lån til Ibsenmuseet i Oslo, der det først hadde stått.[7] Anita Estensen blei dagleg leiar av museet i 2007.

Nettverket «Ibsenmuseene i Norge»[endre | endre wikiteksten]

Ibsenmuseene i Norge er eit nettverkssamarbeid mellom dei tre Ibsen-musea i Noreg. Henrik Ibsen Museum på Venstøp like utanfor Skien har fokus på barndomsåra til Henrik Ibsen og oppveksten, skulegangen og familietilhøva hans. Ibsenmuseet i Grimstad tek for seg ungdommen, dei første forelskingane og diktardebuten hans, medan Ibsenmuseet i Oslo har ansvar for den gamle, verdskjende diktaren som vende tilbake til Noreg i 1891 etter 27 år i utlandet.

Ibsenmusea er også med i eit samarbeid med andre litterære museum i Norden. Blant anna blir det arrangert årlege seminar som går på rundgang mellom dei ulike aktørane i alle deltakarlanda.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det nekrologiske minnediktet "Skjalden i Valhal (Ved Efterretningen om Oehlenschlägers død.)", blei publisert i ’’Christiania-Posten No. 554. 16. Febr. 1850.’’

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kort historie om Grimstad - Grimstad kommune», www.grimstad.kommune.no (på norsk bokmål), henta 17. juni 2020 
  2. Per Kristian Heggeland Dahl konkluderer ein lang diskusjon om kva tid Ibsen kom til Grimstad med at: «Den 29. november 1843 fremstår som den sannsynlige dato.» (Dahl 2002, s. 121.)
  3. Om Reimanngården – Grimstad Kunstforening (på engelsk), henta 18. juni 2020 
  4. «Pilletrilleren på Grimstad Apothek», www.gbm.no, arkivert frå originalen 16. juni 2020, henta 16. juni 2020 
  5. Agronomen Daniel Emil Martini (f. 1828) beundret Maria Thomsen (f. 1823), den samme ”Maja”, som tidligere hadde tjent sammen med Henrik Ibsen i Reimanns apotek. Daniel Martini var sønn av presten i Landvik; ”... en svær, saktmodig fyr som beveget seg tungt og snakket langsomt, men bråsint var han og morsom å erte.” (Edvardsen 2001, s. 41, se også Henrik Jæger 1891, s. 230.)
  6. NBO Brevs. 200A. Christopher Due til Henrik Ibsen, Levanger 6. november 1888.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Et museum blir til», www.gbm.no, arkivert frå originalen 16. juni 2020, henta 16. juni 2020 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]