Grimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grimstad
By
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Kommune Grimstad
Areal 10,34 km²
Folketal 12 283 (2015)
Folketettleik 1 188 / km²
Postnummer 4891 GRIMSTAD
Preposisjon i Grimstad
Wikimedia Commons: Grimstad (city)

Grimstad er ein by og administrasjonssenteret i Grimstad kommune i Aust-Agder fylke. Tettstaden har 12 283 innbyggjarar per 1. januar 2015 og ligg ved ei bukt av Groosefjorden, som treng seg nordover inn i Fjære.

Grimstad er ein viktig skuleby med vidaregåande skular og Høgskolen i Agder med ingeniør- og naturforvaltarutdanning, Telenor Kompetanse (tidl. Teleskolen) i tillegg til teknologisenter for forsking og utvikling (avd. av Agderforskning). Frå starten av skuleåret 2010 vart verksemda til universitetet i Agder samla i Teknologiparken i Grimstad.[1]

Grimstad Adressetidende er lokalavisa i byen og kjem ut tre dagar i veka.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Storgata i Grimstad

Grimstad er frå 1528 nemnd som ei hamn for utførsle av trelast. På byrjinga av 1600-talet vart staden lasteplass under Arendal, fekk i 1791 fridom for last og loss mot ei fast avgift til Arendal og vart i 1816 sjølvstendig kjøpstad. Grimstad fekk då sin første glansperiode som hamn for utførsle av produkt frå jernverket Frolands verk. Ved slutten av 1800-talet var Grimstad by for skipsbyggeri, i hovudsak seglskuter, og reiarlag. Etter kvart som seglskipa vart erstatta av stål- og dampskip, vart byen mindre viktig for sjøfarten.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Grimstad bymuseum

Om sommaren er det ei stor tilstrømming av turistar til Grimstad. Bykjernen er ein attraksjon med idylliske, gamle byinteriør og smale, krokete gater. Det er fleire freda bygningar frå 1700- og 1800-talet i byen. Ibsenhuset og Grimstad bymuseum rommar eit freda apotek frå 1757 der Henrik Ibsen arbeidde frå 1844 til -50, likeins stova der han budde. Årleg er det arrangert ein Ibsenfestival. Bymuseet viser fram seglskipsverft i Hasseldalen, fotosamling i Matroshuset og utstillingar i Reimanngården. Kvar juni vert det arrangert kortfilmfestival

Fjære kyrkje ligg 3 km nord for sentrum og er ei tidleg mellomaldersk steinkyrkje. På nordsida til kyrkja står eit monument over Terje Vigen. Grimstad kyrkje er langkyrkje bygd 1881 i tre og restaurert 1966/67. Nørholm ligg 6 km i sørvest, som vart kjøpt 1918 av Knut Hamsun, er i dag eigd av familien. Ein attraksjon sommarstid er Dømmesmoen hagebrukskole med blomsteranlegg, arkeologisk felt, gravhaugar og steinkrinsar frå bronse- og jernalder. Agder Teater har årlege oppsettingar på eit friluftsteater i eit tidlegare steinbrot i Fjæreheia.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Industri er viktig i Grimstad med verkstadindustri som den største med om lag 4/5 av dei sysselsette innan industrien i 2001. Denne industrien er i hovudsak retta mot offshore- og skipsindustrien, men det er også noko båtbygging og mekanisk industri. Trevare- og næringsmiddelindustrien er også viktige bransjar. Næringsmiddelindustrien er prega av konservering av frukt, bær og grønsaker i tillegg til produksjon av eddik basert på råstoff frå dei næraste distrikta kringom byen. Reiarlagnæringa er framleis viktig for byen og nærområdet. Innseglinga er heller smal, men skip på opptil 70 000 tinn kjem innom. Hamna er delt ved ein smal tange, Torskeholmen. I det austre bassenget ligg gjeste- og småbåthamn. I det vestre finst industrihamn med djupvasskai og kran.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]