Idar Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Idar Kristiansen
Fødd 26. mai 1932
Honningsvåg
Død

10. januar 1985 (52 år)
Troms fylke

Yrke skribent, lyrikar

Idar Kristiansen (19321985) var ein norsk forfattar fødd i Honningsvåg.

Forfattardebuten kom med diktsamlinga Sanger fra en tundra i 1957. I 1970 kom Korstog mot Kautokeino, ei dokumentarskildring av Kautokeino-opprøret på 1850-talet. Hovudverket hans var serien «Kornet og fiskene» i fire band om den finske innvandringa til Finnmark, Svanevinger i nord (1978), Den salte åkeren (1979), Stiene fører til havet (1980) og Guds nåde nordpå (1981). Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1981 for serien. Den siste boka hans, Nådekvalpenes dal, kom ut posthumt i 1985. Boka var tenkt å vera den fyrste i eit tre-bandsverk om evakueringa og brenninga av Finnmark under Andre verdskrigen, men han fekk berre ferdig fyrste bandet før han døydde.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1957 Sanger fra en tundra, dikt (Aschehoug, Oslo)
  • 1961 Alt du trodde glemt, dikt (Aschehoug, Oslo)
  • 1970 Korstog mot Kautokeino, dokumentarbok (Grøndahl, Oslo)
  • 1978 Svanevinger i nord, roman (Grøndahl, Oslo)
  • 1979 Den salte åkeren, roman (Grøndahl, Oslo)
  • 1980 Stiene fører til havet, roman (Grøndahl, Oslo)
  • 1981 Guds nåde nordpå, roman (Grøndahl, Oslo)
  • 1982 Brenninger forut, noveller og dikt (Grøndahl, Oslo)
  • 1983 Regnskap i rødt, roman (Grøndahl, Oslo)
  • 1985 Nådekvalpenes dal, forteljingar (Grøndahl, Oslo)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]