Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idrettslag er organisasjonar som tilrettelegg for idrettsaktivitetar. Dei kan òg kallast idrettsklubb, idrettsforeining, sportsklubb og liknande. Idrettslag kan spesialisera seg på éin idrett, såkalla særidrettslag. Denne typen idrettslag vil ofte ha namn etter idretten dei organiserer. Dei fleste idrettslag administrerer fleire idrettar og kan kallast fleiridrettslag.

Idrettslag er som oftast knytt til eit mindre geografisk område, gjerne rundt ein skule med idrettshall eller idrettsanlegg. Idrettslag kan organisera lag til konkurransar, ha felles drakter og ein felles identitet. Idrettslag kan òg stå for drift eller bidra til bygging av idrettsanlegg gjennom til dømes lotteri eller dugnad.

Vanlege forkortingar[endre | endre wikiteksten]

  • BBK = Basketballklubb
  • BK = Ballklubb, basketballklubb
  • CK = Cykleklubb
  • FIK = Friidrettsklubb
  • FIL = Friidrettslag
  • FSK = Fallskjermklubb
  • FK = Fotballklubb
  • FK = Flyklubb
  • HK = Håndballklubb
  • HPK = Hang- og Paragliderklubb
  • IBK = Innebandyklubb
  • IF = Idrettsforening
  • IHK = Ishockeyklubb
  • IK = Idrettsklubb
  • IL = Idrettslag
  • LSK = Luftsportsklubb
  • OK = Orienteringsklubb
  • OL = Orienteringslag
  • SF = Sportsforening, ski- og fotballklubb
  • SFK = Ski- og fotballklubb
  • SK = Sportsklubb, skiklubb, skøyteklubb, sykkelklubb eller svømmeklubb
  • TF = Turnforening
  • TIF = Turn- og idrettsforening
  • TIL = Turn- og idrettslag
  • UIL = Ungdoms- og idrettslag
  • VBK = Volleyballklubb

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Idrettslag