Idrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotball er ein idrett som blei utvikla i England og har spreidd seg over heile verda.
Capoeira er ein atletisk dans som oppstod som ein motstandskultur blant brasilianske slavar.

Idrett er fysisk aktivitet berre for aktiviteten si skuld, sjølv om mange driv med idrett for å halda seg i form, pleia samvær med andre eller vinna noko. Ei idrettsform kan vera så enkel at eit menneske kan gjera han åleine, utan hjelpemiddel, som symjing eller springing. Andre former kan vera innvikla og krevja fleire folk og mykje ekstrautstyr, som hestepolo eller ishockey.

Ein skil ofte mellom lagidrettar og individuelle idrettsgreiner. Det finst òg fleire idrettar ein utfører saman med dyr, eller som dyra stort sett står for åleine. Desse kan kallast dyreidrettar.

Det er vanleg å samlast til idrettstemne og store eller små konkurransar. Dei største konkurransane samlar dei beste deltakarane frå heile verda. På grunn av dette får dei òg store sponsormiddel. Dei største konkurransane er verdsmeisterskap og dei olympiske leikane, OL.

I Noreg har ein tradisjonelt drive mykje med vinteridrettar, og landet har teke fleire medaljar i tevlingar rundt desse, som dei olympiske vinterleikane. Tradisjonelle norske idrettar er hurtigløp på skøyter, langrenn, skihopping og kombinert. Viss ein har utmerkt seg i fleire idrettsgreiner, kan ein få Egebergs Ærespris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Idrett
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Idrett