Ikkje-lineært spel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit dataspel med ikkje-lineær struktur tilbyr spelaren utfordringar som kan fullførast i ulike sekvensar. Kvar spelar kan ta på seg (eller møta på) berre nokon av dei mogelege utfordringane, og dei same utfordringane kan spelast i andre rekkjefølgder. Det motsette er eit dataspel med lineær struktur, som vil konfrontera spelaren med utfordringar i ein fastsett orden der kvar spelar møter alle utfordringane og må klara dei i same rekkjefølgd.

Eit ikkje-lineært spel gjev spelaren større fridom enn eit lineært spel. Til dømes, eit ikkje-lineært spel kan tillata fleire sekvensar å greia spelet på, eit val mellom måtar å vinna på, ulike måtar å vinna på eller valfrie sideoppdrag og «subplots». Nokre spel har både lineære og ikkje-linæere element, og nokre spel tilbyr ein «sandkasse-modus» som lèt spelaren utforska eit open verd-miljø uavhengig av hovudmåla i spelet, dersom slike er gjevne i det heile.

Eit spelt som er særleg ikkje-lineært er nokre gonger skildra som ope («open ended») eller som ei sandkasse («sandbox»), og er karakterisert av at det lèt spelarane måla progresjonen gjennom eigendefinerte mål, uavhengige av føreskrivne spelelement.[1][2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]