Iktomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iktomi lagar mat. Illustrasjon av Gertrude Spaller frå 1917.

Iktomi er ein edderkopp-trickster hjå dei nordamerikanska siouxfolka i Dakota-territoriet.[1] Han kan opptre både som edderkopp og som ein mann med edderkopptrekk.[2]

Iktomi har ein dobbel natur som både latterleg narr og kulturhelt.[3] På den eine sida lurte han gjerne menneske han var nær, på den andre sida hadde han også skaparkrafta til edderkoppen. I lakotafolket si skapingsmyte var det Iktomi som sørgde for å folkesetja verda med menneske.[3] Han var den som fann opp språket og som gav namn til alle dyra.

Iktomi opptrer ofte i lag med coyoten, og i mange forteljingar byttar dei på å narra kvarandre.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zitkala-Ša (2004). Iktomi and the Ducks and Other Sioux Stories. Bison Books. ISBN 978-0-8032-9918-4.
  2. «Iktómi the Trickster», Aktá Lakota Museum & Cultural Center (på engelsk), henta 2. desember 2023 
  3. 3,0 3,1 3,2 Cockrell, Amanda (2006). «Iktomi». The Oxford Encyclopedia of Children's Literature (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-514656-1.