Ildefonso-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Eldlandet med Ildefonso-øyane avmerkte.

Ildefonso-øyane (spansk: Islas Ildefonso) er ei lita chilensk øygruppe langt sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg 60 km vest for Hermite-øyane og Kapp Horn og 27 km sør for Hoste-øya. 93 km sør-søraust for øyane ligg Diego Ramírez-øyane, dei sørlegaste øyane i Sør-Amerika. Administrativt høyrer dei til provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

Øyane består av ni staurar fordelt på to grupper. Samanlagt måler landområdet om lag 200 m2, men meir enn halvparten av dette består av den største av dei. Øyane er bratte og berglendte og dekte med tussokgras.

Ildefonso-øyane er eit viktig hekkeområde for fuglar. Over 86 000 par med klippehopparpingvin lever her og ein har registrert over 47 000 hekkande par av svartbrynalbatross. Elles husar øyane gråhovudalbatross, magellanpingvin, knoppskarv og grålire.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]