Magellanpingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magellanpingvin

Status i verda: NT Nær truga

Ein magellanpingvin sør i Argentina.
Ein magellanpingvin sør i Argentina.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Spheniscus
Art: S. magellanicus
Vitskapleg namn
Spheniscus magellanicus
Miller, 1778

Magellanpingvin (Spheniscus magellanicus) er ein mellomstor pingvinart som er i slekt med galapagospingvin, kappingvin og humboltpingvin. Namnet kjem av at pingvinen held til i Magellansundet, men hekkar også sør i Argentina og ChileEldlandet og på Falklandsøyane.

Slkildring[endre | endre wikiteksten]

Pingvinen kan bli om lag 75 cm lang og oppnå ei vekt på 6,5 kg. Hannane er noko større enn hoene. Fjørdrakta er kvit på buken og svart på magen. Ville pingvinar kan bli opp til 25 år gamle, i fangenskap kan dei bli 30. Føda deira er små blekksprutar, sardinar, krill og andre krepsdyr.

Magellanpingvinen legg to egg som foreldra byter på å ruga på i om lag 40 dagar. Vanlegvis veks begge ungane opp, men det hender at berre ein av dei overlever. Desse pingvinane er seriemonogame.

Magellanpingvinen er den mest talrike av artane i familien sin. Ein reknar med at det finst mellom 4,5 - 10 millionar ville eksemplar. Tidlegare utnytta ein guanoen frå dei mange fuglane til gjødsel i jordbruket. [1] Likevel er statusen sett til nær truga på grunn av klimainngrep som oljesøl og at føda deira skiftar leveområde.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]