Implosjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ved ein eksplosjon trenger kreftene ut i frå ei kjelde. Ved implosjon kollapsar systemet innover, oftast som resultat av ei utanforliggande kraft.

Implosjon er ein prosess der objektet destruktivt komprimerast eller kollapsar innover. Implosjon er ein motsats til eksplosjon og inneber at materie og energi blir konsentrert. Eit døme på implosjon er eit biletrøyr med lågt innvendig trykk som sprekk, eller ein undervassbåt som vert knust utanfrå av høgt vasstrykk.

Kjernefysiske våpen[endre | endre wikiteksten]

I eit atomvåpen med implosjonslading, vil ei kule av plutonium eller uran imploderast av eit omkringliggande kuleforma arrangement av sprengladningar. Dette aukar tettleken to til fire gonger, og resulterer i ein kjernefysisk eksplosjon. I enkelte typar atomvåpen vil denne igjen trigge ei forladning som komprimerer ei blanding av deuterium-tritium og skapar ein kjernefysisk fusjon.

Fluiddynamikk[endre | endre wikiteksten]

Kavitasjon er ein implosjonsprosess der til dømes ein propell skaper område med kortvarig lågt trykk i ei væske. Når trykket fell under damptrykket ved konstant temperatur oppstår dampbobler som raskt kollapsar. Denne implosjonen skaper lokalt høge akustiske lydtrykk som kan føre til lokal overflatesplintring og rask erosjon av propellar og turbinar. Liknande problem oppstår når væske strøymer med høg snøggleik til dømes i trykksjakter, luker og overløp i vasskraftverk

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Innan kunsten nyttast omgrepet implosjon om grafiske effektar som minnar om fysisk implosjon. I kunsten går uttrykket over frå at innhaldet skildrar noko eksternt til å bli sjølvrefererande, å sette eigen form og eige uttrykk i fokus. I overført tyding nyttast omgrepet om menneske og sivilisasjonar som har mista trua på seg sjølv og blir innoverfokusert.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]