Indian Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fly frå Indian Airlines

Indian Airlines, også kalla Indian, var eit større indisk flyselskap som verka frå 1953 til 2011. Saman med Air India var det eit av to nasjonale flyselskap i India.

Indian Airlines tilhøyrde den indiske staten og var administrert av den sivile luftfartsstyresmakta i landet, Ministry of Civil Aviation. Det hadde base i Mumbai og fokuserte først og fremst på innanrikstrafikk.

7. desember 2005 tok flyselskapet namnet «Indian» i bruk i reklamesamanheng.[1]

I 2007 kunngjorde den indiske regjeringa at Indian Airlines skulle slåast saman med Air India.[2] 26. februar 2011 slutta Indian Airlines å verka under eige namn og kodar, og fullførte samanaslåinga med Air India.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Indian Airlines to be called 'Indian' now». Rediff.com. 7. desember 2005. 
  2. «AI/IC merger being completed». pata.org. Henta 21 March 2018. 
  3. «AI/IC complete merger». Arkivert frå originalen 1. mars 2011.