Indianapolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indianapolis
by
Indiana State Capitol Market St.jpg
Gate og State Capitol i Indianapolis
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Indiana
Fylke Marion
Areal 963,5 km²
Folketal 855 164 (2016)
Tidssone -5
Map
Indianapolis
39°46′7″ N 86°9′29″ W
Wikimedia Commons: Indianapolis

Indianapolis er delstatshovudstad og den største byen i Indiana i USA. Han ligg sentralt i delstaten, rundt 120 km vest frå grensa til Ohio.

Arealet er 953,5 km² og folketalet er 855 164 (2000). Dette gjer byen til den andre største i Midtvesten (etter Chicago) og den 15. folkerikaste i USA.[1]

Indianapolis blei grunnlagd i 1821 som ein planlagd by for å husa delstatsregjeringa til Indiana. Namnet er sett saman av delstatsnamnet Indiana ('Indianar-landet') og polis, det greske ordet for 'by'. Høgsterettsdommaren Jeremiah Sullivan skal ha kome på namnet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «American FactFinder – Community Facts». United States Census Bureau, Population Division. Arkivert frå originalen 2020-02-10. Henta May 26, 2017. 
  2. «Judge Jeremiah Sullivan House». National Park Service (U.S. Dept. of the Interior). Henta August 21, 2017. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.