Inge Lehmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Lehmann

Statsborgarskap Danmark
Fødd 13. mai 1888
Tommerup, Østerbro
Død

21. februar 1993 (104 år)
København

Yrke seismolog, geolog, geodet, naturvitar, geofysikar
Språk dansk
Medlem av Royal Society
Far Alfred Lehmann
Inge Lehmann på Commons

Inge Lehmann (13. mai 188821. februar 1993) var ein dansk seismolog, som i 1936 hevda at kjernen i jorda ikkje berre er ein enkel smelta sfære, men har ei indre kjerne med fysiske eigenskapar som skil seg frå den ytre kjernen. Ho var utanlandsk medlem av Royal Society i London.

Inge Lehmann vart fødd og voks opp i Østerbro i København som dotter av den eksperimentelle psykologen Alfred Georg Ludvik Lehmann (1858-1921). Ho studerte matematikk ved universiteta i København og Cambridge. Etter eit par år i forsikringsbransjen vart ho assistenten til geodesisten Niels Erik Nörlund, som gav ho oppgåva med å setje opp seismologiske observatorium i Denmark og Grønland. Ho fekk då ei interesse for seismologi og i 1928 tok ho eksamen i geodesi og tok imot ei stilling som statsgeodesist og leiaren for seismologidepartementet ved Geodetisk institutt i Danmark, som var leia av Nørlund.

I ein artikkel med den lite merkverdige tittelen P', var ho den første til å tolke P-bølgjer. Gjennom tolkingane av desse bølgjene synte ho at den indre kjernen i jorda eksisterer. Artikkelen gjorde ho verdskjend og fleire forskarar har seinare stadfesta oppdaginga hennar. Fram til ho pensjonerte seg i 1953 vart forholdet mellom ho og andre medlemmer ved instituttet dårleg, delvis fordi ho hadde lite tolmod med mindre kompetente kollegaer. Etter 1953 flytta ho til USA, der ho budde i mange år og samarbeidde med Maurice Ewing og Frank Press på undersøkingar av jordskorpa og den øvre mantelen. Under denne forskinga fann ho ein annan seismisk diskontinuitet, som ligg i djupner mellom 190 og 250 km og som vanlegvis vert kalla Lehmanndiskontinuiteten til ære for henne.

Ho vann sjølv mange prisar og medaljar, og i 1997 oppretta American Geophysical Union Inge Lehmann-medaljen for å ære framifrå bidrag til «å forstå strukturen, samansetninga og dynamikken i mantelen og kjernen til jorda».