Ingebret Gulliksson Grude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingebret Gulliksson Grude
Fødd 26. juli 1794
Død

19. mars 1851

Yrke bonde, politikar

Ingebret Gulliksson Grude (26. juli 179419. mars 1851) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Klepp i Rogaland. Kristoffer Grude var sonesonen hans.

Far hans var gardbrukar i Klepp. Sjølv gjekk han lite i skule, «lærte at skrive av en gammel original skolelærer». Frå 1821 var han gardbrukar på Grude. Som gardbrukar var han tiltaksam, fekk premi frå landbruksselskapet i 1832. Han var medlem av heradsstyret 1837-51, ordførar 1837-45 og 1850-51. Elles var han forlikskommissær og utskiftingsmann. Mellom 1822-50 deltok han i 418 utskiftingar og skyldsettingar.

Grude var 2. representant frå Stavanger amtStortinget i 1836 og på omframstortinget 1836-37. I 1836 var han medlem av bankkomiteen. Fire gonger i perioden 1833-51 hamna han på frå fyrste til fjerde varamannsplass.

Han døydde på garden sin i Klepp i 1851.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]